Filmen frå Vestad gard er ein del av strategien til fåvangbedrifta, som dei siste åra har brukt adskillige kroner på marknadsføring.

– Ikkje så mykje som ein skulle tru, kanskje, men mellom 3 og 6 millionar kroner, seier salssjef André Stenumgård i Fjøssystemer.

I fjor omsette dei for 800 millionar kroner. Og kjem fyrst opp i Google om ein søkjer på «bygge fjøs».

Kraftfullt med levande bilete

Marknadsføringsselskapet Dialecta, med Øivind Skurdal i spissen, har sidan januar 2012 vore samarbeidspartnar. Å bygge opp korleis Fjøssystemer står i sin marknad handlar om å fortelja den rette historia.

– Marknaden var klar for at nokon skulle koma og ta fyrsteplassen, kan du seie. Og Fjøssystemer var tøffe nok til å rydde pulten og starte på nytt, da vi kom inn, seier Skurdal.

Stenumgård er godt nøgd med den raude tråden som er lagt, og også glad for å kunne bruke lokale folk, når kompetanse finst lokalt. Oversikta den digitale marknadsføringa gjev, fascinerer.

– Den siste filmen vi la ut har snart 80 000 visningar, og vi ser også om dei hamnar på nettsida vår etterpå, seier han.

Kjetil Høye Sviland frå Timbr i Ringebu gjer klar kamera og set mikrofon på bonden. Han har med sin bakgrunn frå TV2 og NRK rett kompetanse til å fortelja ei historie på under minuttet.

– For oss er det veldig moro å få jobbe med Fjøssystemer. Dei er store, nasjonale, og har vist at dei tør å bruke kraftige kommunikasjonsverkemiddel for å få suksess, seier Sviland, som nett har regissert reklamefilmar for Vipps og DNB.

Ser att innsats under streken

At Sviland, også som leiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, let seg inspirere, skin gjennom.

– Det er nok mange i regionen som kunne lære av slike grep for botnlinja. Det er jo ikkje for å ha ein kul video på Facebook, det handlar om å tene pengar, seier han.

Dialecta stadfester at Fjøssystemer er litt annleis enn «dølaprototypen» i så måte.

– Dei er seljarar, og forstår at det må pengar ut for å få pengar inn. Den digitale marknadsføringa har jo dessutan snudd opp ned på bransjen vår. Analyseverktya vi bruker måler på alt, og det gjer at vi kan justere kursen veldig fort og bruke det vi ser verkar, seier han.

Akkurat kor stort marknadsføringsbudsjettet er, vil han ikkje ut med, men André Stenumgård i Fjøssystemer meiner det må til nokre kroner, om det skal bli «sus i serken». Foto: Ole M. Nybakken/arkiv