Vi møter Torstein Aanvik like før han skal stå på scenen for fyste gong. Inne på Kaupanger er snart heile salen fylt opp av eit forventningsfult publikum denne søndags kvelden.

Fullsett: Det var ikkje ein stol ledig på Kaupanger. I tillegg til song og musikk, leia Kristin Anita Johnsen kvelden på ein utmerket måte.

Blir full av energi

Det er ikkje rart at ein kan bli litt nervøs av slikt!

– Eg har aldri stått framfor eit publikum før, så nå er eg rimeleg nervøs, seier han.

– Men tekstene byrjar å sitte godt nå, så det skal nok gå bra, legg han til.

Nordlendingen er fersk korsongar. Han tok til i Vox Vaala i januar, etter at kollegaer på jobben fekk oppmuntra han til å starte.

– Eg har tenkt på det i fleire år at det hadde vore artig å vore med i kor. Medan ungane var små var det ikkje så lett, men n å da dei har vorte litt større, er det enklare å få det til. Og så morosamt som det er! Eg angrar på at eg ikkje kom i gong før, smiler han. Her møter han både folk han elles ikkje ville treft på, og han får ny energi.

– Etter øvingar er ein full av energi, forsikrar Torstein, som litt seinare entrar scenen medkoret, framfor eit fulsett Kaupanger.

Koret, som består av rundt 16 songarar, byr på eit variert repertoar denne kvelden.

Imponerte: Trym Amrud og Amund Sylte er to unge og dyktige musikarar. Dei mottok stor applaus frå salen.

Lun og triveleg

Om det er til ære for debutanten i frå nord at dei åpnar med «Har du fyr» av Ola Bremnes, veit vi ikkje, men ein nydelig start på kvelden er det. Her kjem det både gospellåtar, viser og låter i a capella på rekkje og rad. God stemning blir det når heile salen stemmer i allsong. Som gjesteartistar har Vox Vaala fått med seg duoen The Ramblin men, alias Trym Amrud og Amund Sylte. Dei får trampeklapp etter sin del av konserten, med både John Mayer- og Johnny Cash-låter, samt gode eigne songar slo godt an. Folk set pris på slike unge, lovande musikarar, som tør å by på seg sjølv.

Det vart ein lun og triveleg kveld på Kaupanger denne kvelden. Med mjuke og gode stolar og salongar å sitte på, for dei fleste av dei rundt 140 frammøtte. Og debutanten? Jo, han kunne berre takke og bukke, og ta i mot stor applaus frå salen.