Samla kjøtproduksjon auka med 2 prosent frå 2016 til 2017 og utgjorde 351 300 tonn. Det var vekst for alle kjøtslaga unnateke svinekjøt. Rogaland er framleis Noregs største kjøtfylke.

Storfekjøt auka med 4 prosent

Av i alt 85 200 tonn storfekjøt blei 17 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland og Nord-Trøndelag, kvar med 16 prosent av storfekjøtproduksjonen.

27 000 tonn sauekjøt

Sauekjøtproduksjonen auka med 1 500 tonn til 27 000 tonn i 2017. Ein femtedel av dette kom frå Rogaland, medan 13 prosent kom frå Oppland. Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde kvar for seg 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.

137 000 tonn svinekjøt

Det blei produsert 137 250 tonn svinekjøt i 2017, som utgjer ein nedgang på 0,3 prosent sidan 2016. 29 prosent av produksjonen var i Rogaland. Deretter følgde Nord-Trøndelag og Hedmark, kvar med 14 prosent av svinekjøtet. Østfold, Oppland og Vestfold stod kvar for seg for 7 prosent.

Sterkt konsentrert fjørfeproduksjon

Fjørfeproduksjonen auka i 2017 med 3 prosent til 101 000 tonn og er konsentrert til dei 5 fylka Rogaland, Østfold, Hedmark, Nord- og Sør- Trøndelag. 90 prosent av produksjonen skjedde i desse fylka. Rogaland hadde den største delen av fjørfeproduksjonen med 28 prosent, medan Østfold og Hedmark stod for respektive 18 og 16 prosent.