Laurdag var det premieutdeling i årets landskonkurranse for profesjonelle fotografer, og frå der fekk Steine med seg 1 bronsemedalje og 2 heiderlig omtale.

– Det er veldig stas! Det er veldig fint å få anerkjennelse i konkurranse med profesjonelle frå heile landet, som syner at du faktisk kanskje er på eit visst nivå sjøl, seier ein stolt fotograf på mobil frå Hell.

Ho har jobba som fotograf hjå Fotobben sidan 2001, og er glad for å ha ein slik arena for å møte kolleger på. – Det er veldig kjekt å møte folk som driv med det same som deg sjøl, og utveksle erfaringar og bli kjent. Særleg i ei tid der «alle» tek bilete, og dei ulike milepælane til folk kan risikere å berre bli dokumentert berre på «snap».

– Bransja har endra seg, og det blir teke fleire bilete no enn nokon gong tidlegare. Somme syns det er greit å printe ut bilete frå snap. Samstundes ser vi tendens til at folk nå ønskjer minne med kvalitet, seier ho.