Rapport frå SNO kom førre veke, og syner mellom anna at vegen var oppbrøytt med parkeringslommer ved setrer på Fryvollen. Nasjonalparkstyret (NPS) har i etterkant også motteke bilete som syner privatbilar med skiboks parkert langs vegen innover Frydalen i løpet av påska.

NPS ønskjer korrekt informasjon

Styreleiar i Sødorp sameige, Ole Brandvold, fekk tysdag førre veke ei utskrift av brevet hjå Dølen. Brevet er datert 5. april, men var i følge Brandvold ikkje motteke av han da vi tok kontakt tysdag. Han ville ikkje uttale seg om brevet, og synte til annan styremedlem, som heller ikkje har svara på Dølen sine førespurnader.

Nasjonalparkforvaltninga opplyser at dei har vorte kontakta av fleire privatpersonar og andre, som etterspør informasjon om situasjonen.

– Vi ønskjer å ha moglegheit til å gje korrekt informasjon og ikkje syne til medieomtaler, skriv nasjonalparkforvaltar Eirin Berge i brevet til Sødorp sameige.

Med dette som bakgrunn ber NPS om ei orientering frå Sødorp sameige. Desse punkta ber NPS om skriftleg svar på innan onsdag denne veka:

1. Kvar skal hogsten skje? Ber om at områda blir kartfesta.

2. Tidspunkt for planlagt hogst og uttransport av tømmer?

3. Kva type hogst – skogbruk og/eller hogst av ved til eige bruk?

4. Eventuelt om brøytinga er gjort også av andre omsyn enn hogst?

Ikkje meldt inn hogst

I rapporten frå SNO går det fram at det i tidsrommet for brøytinga ikkje var meldt inn søknader om skogsdrift i området, til skogbruksavdelinga i kommunen, slik også Dølen fekk stadfesta før påske.

– Etter kontakt med Nord-Fron kommune fekk eg opplyst at dei ikkje hadde handsama eller motteke søknad om dispensasjon frå verneskogsføresegnene som gjeld for området, etter skogbruksloven, skriv oppsyn for SNO, Finn Bjormyr, i rapporten.

Vegen innover Frydalen, Peer Gynt seterveg, er berre open for motorferdsle i perioda 1. juni til 1. desember. Utanom dette tidsrommet er det etter forskrifta for landskapsvernområdet tillete med motorferdsle i samband med skogsdrift.

SNO ber i rapporten forvaltninga om å avklare kva som er direkte heimla i føresegna knytt til hogst.

Leiar: Bengt Fasteraune er leiar for nasjonalparkstyret Rondane Dovre, og får sak om brøytinga i Frydalen. Sekretariatet til styret innhentar nå informasjon til styresaken. Foto: Anne Marie Aa/Vigga