Plata On the Radar, med eit digert Hercules-fly på coveret, har med andre ord vore undervegs ei stund. Det stressar ikkje Vemund Moss, Lars Braastad, Tormod Haug og Simen Knuts. Hercules frå Fåvang er fyrst og fremst eit live-band, og mykje av vitsen med ei plate er å levere den same energien som på scena. Nå gler dei seg til å ta musikken med ut i verda.

Til festival fyrst

Vi fekk audiens i øvingslokalet i Tromsvang-kjellaren.

Hercules driv hardtrening før releasekonsert i mai, under ein sjangerfestival i Nederland.

– Vi er eit live-band, som spelar musikk med tungt komp og hardt trøkk, som vi vil skal høyrast også på plata, seier låtskrivar Vemund Moss.

Dermed er det ikkje innspelinga som har tatt lang tid - det er pausene mellom opptak. Fyrste innspelingane var gjort ein laurdag for fire år sidan, med to låtar, så vart seks av låtene unnagjort på ein kveld to år etter, medan fire til vart spela inn i mars i fjor.

– Vi spelar musikk ein ikkje kan pusse for mykje på i studio, for da mistar vi energien vi ønskjer å formidle, seier dei.

Derfor er det maks tre opptak, men dei fleste songane har berre eitt eller to. Litt vokal og kor, og litt gitar er lagt til i ettertid.

– Og så har Vegard Moshagen lagt på orgel på fem av låtane, fortel Moss.

Nederlandsk tekstsmed

Når Hercules dreg ut for å spela release-konsert, er det ikkje berre fordi det er rått å ha eit stort publikum som diggar låtane og kan tekstene.

– Det er artig nedi der, med mykje folk og fans, forsikrar Simen Knuts.

Festivalen Crossed Guitars har hatt bandet på plakaten fire gonger før, og melder på Facebook at dei har booka Hercules, som einaste norske band, med jubel allereie i november i fjor.

– Folk har masa for å få oss nedover att fleire gonger, i følge festivalleiinga, fortel Moss.

Nå er det fire år sidan sist, og det har vore spelejobbar i England og Paris sidan. Og ein Tromsa Live-konsert i fjor, da dei fekk heidersprisen.

Bandet til Nederland er også meir enn konsertar. Faktisk er alle tekstene til On the Radar, utanom ei, skrive av ein nederlandsk engelsklærar og fan, som bandet fekk kontakt med og som sidan har levert til gull.

– Eg kan ringe når eg har ein ny låt, berre spela og nynne fraseringar og korleis eg vil ha det, og så kjem det tekst, oftast berre eit par dagar etterpå, seier Vemund Moss.

Alle i bandet har ulike favorittband og artistar, men den klassiske 70-talls rocken ligg i ryggmargen hjå alle.

– Når folk set på ei ny Hercules-plate, vil vi dei skal få same YES-følelsen, som vi fekk av ei plate av våre favorittar. Eg skriv eigentleg låtar ut ifrå den filosofien, seier Moss.

Something New er ein av låtene på den ny plata til Hercules frå Fåvang. Bandet har fem album bak seg frå før, og denne plata har fansen venta lenge på. Albumet blir sleppt på ein boogierock-festival i Nederland i mai, medan vi på heimebane i Midtdalen må vente på sleppkonsert litt til. Hercules lovar ei rockeplåte med trøkk, som må spelast høgt. Foto: Guro Vollen