Den andre mai brakar det laus med ein ny sesong «Låvende saker» på Rudi gard. Heimen til Nina og Øystein er også kulturarena, høgt verdsett frå både artistar og lokalmiljø. I år er den nittande sesongen dei dreg i gang, og også i år er det både nasjonale og lokale namn på plakaten.

Klassisk regi

Det startar klassisk, med konsert andre mai med symfoniorkesteret Sinfonietta Innlandet.

– Det trur vi blir veldig bra, både musikalsk og som sceneoppleving, for dette er noko så sjeldan som ein regissert klassisk konsert, der musikarane skal bevege seg rundt på scena, fortel Nina.

– Det at det er eit spenn mellom både storleik på arrangementa og sjanger, er moro, og noko av grunnen til at vi vil gå på år etter år, seier Øystein.

Telefonappen for bilettsystemet syner at Kari Bremnes i august allereie har seld 20 prosent av billettane. Ho er eitt av dei store trekkplastra i år, saman med to andre damer, Sigrid Moldestad og Claudia Scott.

– Vi har jobba med å få fleire kvinnelege artistar, men det er litt tilfeldig at det vart så mange nå, seier Øystein.

Kjerneverdiar

Kjerna i det dei gjer er møta mellom folk - både møtet mellom artistar og publikum, men også møteplassen før og etter konsertar, der folk treffest.

– Vi må ha ein ekte drive bak det sjølve, kjenne at nokon vil få glede av det, inkludert oss sjølve, seier dei.

Det er også grunnen til at alle konsertar, med få unntak, for dei yngste skal koste mindre enn ein burger på bensinstasjonen.

– Vi ønskjer å vera møtestad for ungdom også, og at det skal gå an å ta med heile familien, seier dei.

Beslutningsprosessane er korte i Rudi kultur AS, der dei to utgjer både styre og generalforsamling. Det gjev kort veg mellom ide og igangsetting.

– Sjølv om vi er aleine har vi alltid gode innspel frå gjester, artistar, samarbeidspartar og medarbeidarar, seier dei.

Har generalforsamlinga bruk for ei pause i sesongen, treng dei ikkje reise langt.

– Ein tur innpå setra er nok for å lade opp litt mellom slaga. Det er det beste med å bu her; ladestasjonane er rundt oss alle stader, seier Nina.

Kort veg til beslutningar, når styremøta kan tas over kjøkkenbordet. Foto: Guro Vollen