Det seier styreleiar i nasjonalparkstyret for Rondane og Dovre, Bengt Fasteraune.

I følge Fasteraune vurderer styret å setje i verk tiltak for å sikre at vegen ikkje blir brukt til anna motorferdsle enn hogst, til dømes at vegen blir stengt med bom mellom 1. desember og 1. juni.

Møte i juni

Etter planen er fyrste møte for nasjonalparkstyret sett opp i juni, så dersom saken skal til behandling før, vil det bli kalla inn til ekstraordinært møte.

– Akkurat nå er vi i ei fase der vi gjer vurderingar av jusen og forståinga av forskrifta. Dersom vi meiner det er viktig å behandle saken tidlegare, tek vi eit telefonmøte, seier Fasteraune.

Han peikar på at dei allereie har tatt grep i høve til å hindre ferdsel nå i tida for bukketrekket.

– Det var det mest prekære, seier han.

Skiltet informerer om at om at Per Gynt seterveg gjennom Frydalen landskapsvernområde er stengt fram til 1. juni.

Klare reglar viktig

Statens Naturoppsyn har bedt styret for Rondane og Dovre nasjonalpark om å avklare kva slags ferdsle som er direkte heimla i føresegna, knytt til hogst i forvaltingsplanen for verneområda.

Styreleiar Bengt Fasteraune fortel at saka vil bli behandla i styret, og at det er viktig å få klarlagt reglane i forvaltingsplanen, slik at dei ikkje er til å misforstå.

– Vi må til dømes få klarlagt om planlegging av hogst gjev grunnlag for ferdsle.

Påsketrafikk ikkje lov

Etter det Dølen kjenner til, har nasjonalparkstyret fått tilsendt dokumentasjon på at det har vore «sivil» trafikk inn i området i påska. Dølen har sjølv også fleire uavhengige kjelder som fortel om parkering og kjøring på vegen i løpet av påskeveka.

– Er påsketurisme ferdsle som kan vera innanfor reglementet i landskapsvernområdet?

– Nei, det kan vi slå fast ikkje er innafor, seier Fasteraune.

Inn til grensa

Skiltet sett opp av nasjonalparkstyret står 300 meter frå brua over Frya, men vil bli flytta inn til vernegrensa, når skisesongen er ferdig.

– Vegen går gjennom eit årleg trekkområde for villreinbukk, og ein ber om spesielt omsyn nå på våren. Bukkane trekker i denne perioden over vegen og ned til lågare terreng for å finne beite, skriv nasjonalparkstyret i ei pressemelding onsdag.

Fasteraune understreker at styret ynskjer å kome fram til løysingar som alle partar kan leve med.

Guro Vollen

Brøyting: 20. mars var SNO på befaring innover Frydalen, og tok mellom anna dette biletet, av ei parkeringslomme langs vegen. foto: SNO/Finn Bjormyr