Framsyninga i år har vore møtt med ennå større forventningar enn vanleg, fordi musikalen er heilt ny, stuttreist og lokalt produsert. Det er 20 år sidan eventyret starta, og Riverland er den 13. i rekka av framsyningar sidan.

Amerikabrev

Lars Bakke og Lomsk sitt album «Amerikabrevet», er utgangspunkt for musikalen, og ei heil historie er spunne ut i frå denne musikken, og ei ung jentes oppdaging av slektningars utvandring på 1800- talet. Songar som «Som å kome heim» og «Den ville elva» er rett og slett vakkert arrangert, og rørande bra framført av kor og solistar.

Innfrir

Og årets musikal er ikkje noko låkare enn dei 12 før til å oppfylle forventningar. Ungdommane innfrir så til dei grader også i oppsettinga av Riverland. Dei held ingenting attende, er uredde, fantastisk tilstades på scena og gjev alt frå fyrste strofe til siste hallingkast.

Karoline Rundsveen frå Sør-Fron spelar nåtidas Gine, og er den raude tråden gjennom historia. Ho vil finne svar på kva som skjedde med folka som utvandra frå Elvestad, der ho sjølv har namnet sitt frå. Eit godt grep for å formidle historia sett gjennom vår tid, når ho går ut og inn i ulike historiske scener som syner skjebna til dei mange karakterane.

Store prestasjonar

Ungdomane i dei mange leiande rollene har jammen fått fylt opp oppgåvelistene sine. Her er det kryssa av for kapasitet til godt skodespel, gode vokalprestasjonar og suverene danseprestasjonar. Gjerne på ein gong!

Som manustilretteleggjar og regissør Arild Halvorsen seier det i programmet: «For ein gjeng! Det er altså så mykje guts, tæl og talent i denne gjengen at det knapt er til å tru».

Historia som ligg til grunn for framsyninga er fri fantasi, men byggjer på historia frå «Amerikabrevet», historiske hendingar og historiske kjelder. Mykje av utvandringshistoria frå bygdene i Gudbrandsdalen blir godt fortalt gjennom musikalen. Vi får innblikk i kvifor folk drog, kven var dei som reiste, kvar havna dei og korleis gjekk det med dei som vart att heime.

Lang skuletime

Riverland startar med ein skuletime, og har også potensial til å vekke interessa for ei historie om migrasjon som kan ha fellestrekk med vår tid.

Vårt atterhald er at manus kanskje har est seg litt for stort. Til tider er det så mykje som skal inn i fortellinga at ein mistar framdrifta, og det kan og vera vanskeleg å halde orden på alle dei ulike karakteranes plass i historia. Eit strammare manus rundt den fantsatiske musikken hadde Riverland tent på.

Samstundes er det ikkje tvil om at dette er eit prosjekt som har verdi langt ut over det vi ser på scena. Dei unge har som tekstforfattar Bakke seier det, samhaldet vil du ense når du sit i salen.

- Våren og ungdomsmusikalen har slåande likheiter. Nå kjem Riverland, våren og håpet, skriv han.

Lat oss berre håpe at prosjektet held fram, og at ungdommar vil vera med også neste gong er musikal skal realiserast. For det er dei som ber framsyninga, og dei som lagar gull av det dei får å jobbe med.