Dei siste åra har det i følge ei pressemelding laurdag kveld, ikkje vore store oppmøtet til toget, og derfor vel lokallaget av Ap å setje av meir plass og tid til kulturinnslag i staden.

Betre plass

Tidlegare 1. mai-arrangemet har dei siste åra gått føre seg på Sødorp skule, denne aktiviteten blir nå flytta til Vinstrahallen, og dermed kan det også romme fleire.

– Det har vore trongt på Sødorpskulen til arrangementet etter toget, så da satsar vi på å trekkje folk til Vinstrahallen i staden, seier Bjørn Ulekleiv, vara til styret i Nord-Fron Ap og arrangementsansvarleg.

Fana i front likevel

Det at dei droppar toget kjem fyrst og fremst av oppslutnaden dei siste åra.

– Dermed blir det ikkje paroler i år, men Vinstra musikklag skal gå frå stasjonen til hallen, og fana vår blir bore fremst der, så folk kan slenge seg med om dei ønskjer, seier han.

Musikklaget og Vinstra drill står for kulturinnslaga i Vinstrahallen.

– Det er moro å få gje litt betre plass til både musikken og drill, så dei får vist fram kor flinke dei er, seier Ulekleiv.

Til Kvam etterpå

Programmet er ellers tradisjonelt, lovar han.

Appell ved AUF-leiar Kristin Grøthe blir det, og leiar for Oppland Ap, Tore Hagebakken, held si siste 1. mai-tale med den tittelen. Neste gong eksisterer ikkje Oppland Ap lenger, men er slått saman med Hedmark til eitt.

Til slutt, arrangementet vil korrespondere tidsmessig, slik at dei som ønskjer å gå i tog, kan rekke 1. mai-toget i Kvam, i regi av Kvam arbeiderlag.