Akkurat nå er dei sjølve midt i lamminga, men straks etter skal dei ut etter samarbeidspartar, saman med resten av arrangementskomiteen.

– Nå er det to år sidan sist vi hadde arrangementet i Midtdalen, så slik sett var det ikkje vår «tur» nå, seier Kjorstad.

Det er faglaga Sau og geit i Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu og Fåvang som står bak arrangementet i haust, akkurat som i 2016.

Har det som skal til

At dei tek det på seg att så fort, kjem mellom anna av at det var vanskeleg å finne arrangørar. NM kostar litt å arrangere, og krev mykje logistikk og ikkje minst folk og dyr til innsats.

– Akkurat i Midtdalen skal det ikkje mangle korkje folk eller sau, meiner dei.

– Du kan si det slik at sør-frøningane har pengar, medan vi har hall og dugnadsfolk, ler Mathisen.

Kjorstad frå Sør-Fron føler for å korrigere den, så velhaldne er dei ikkje, men han skryter og av dugnadsvilja hjå kolleger i næringa.

– Saufolka i Midtdalen er flinke til å hjelpast åt, det er derfor vi kan ta på oss slik, seier han.

Gode lokale utøvarar

Dessutan har dei god tru på innsatsen til dei lokale under NM.

– Lokalt har vi mange og dyktige yrkesutøvarar på klypping, seier dei.

Kvamshallen var eit naturleg arenaval. Forutan at ein slepp utgifter til teltleige, som var ein stor kostnadspost på førre NM, er det også godt rom til å briske seg på. Og det trengs; til saman skal om lag 800 sauer under saksa, i konkurransane i oktober.

– Det er spesielle kriterium for dei også, mellom anna må ulla vera fin og fri for frø og liknande, fortel Kjorstad.

Speedklypping er ute

Det skal vera sju ulike klasser, fleire klyppeklasser, og to klasser for ullhandtering.

Poeng og tid vil synast i sanntid, så det heile skal bli publikumsvenleg.

– Kva med speedklypping, det var med sist?

– Vi har vald å ikkje ta med det nå, mest fordi det ville kravd ein dag ekstra. Den delen krev mest økonomisk også, seier Mathisen.

Fleire lokale kan hevde seg i NM, meiner Mathisen og Kjorstad. Her er Tor Håkon Berget i sving under førre NM i Ringebu i 2016. Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv