Dag Robin er ein av seks i frå Jobbservice som har fått seg arbeid på Sundheim. Kvar dag møter dei opp på arbeid, klare for å gjere kvardagen blant dei eldre triveleg.

– Eigentleg skulle eg jobbe berre to halve dagar, men så treivst eg så godt. Derfor spurte eg om eg kunne få jobbe meir. Nå er eg her fem dagar i veka, fortel han.

Det er det gode arbeidsmiljøet Dag Robin likar best. Og det å sette seg ned og prate med dei eldre.

– Dei set pris på det. Og så hender det eg møter på nokon eg kjenner også. Av og til spelar eg gitar for dei, fortel han.

Musikkstund: Dag Robin Olafsen skaper god stemning når han dreg fram gitaren og syng for bebuarane.

Viser seg fram

Kven som eigentleg kom på ideen om at desse seks skulle få tilbod om jobb på Sundheim, er litt uklart.

– Vi vart einige om at vi skulle få til ei prøveordning der dei skulle få nokre bestemte arbeidsoppgåver, som å hente og servere mat, tørke bord, hente reine klær og levere klær til vask. Nå har vi hatt denne ordninga frå februar, og det fungerer svært godt, seier verksemdleiar, Hanne K. Kvamme, og gir skryt til Fredrik Røen, Ingrid S. Willa, Stian Einlien og Dag Robin Olafsen, som er på jobb da Dølen er innom. Per Erik Rotmo frå Jobbservice. støttar Kvamme i å vere positiv til ordninga.

–Her får dei moglegheiten til å vise seg fram og møte folk i eit miljø. Elles driv vi mykje med vedarbeid og med å lage tennbrikkar. Etter kvart får ein lyst til å gjere noko anna, seier han.

Oppgåver: Stian og dei andre har bestemte arbeidsoppgåver dei har ansvaret for.

Har overraska

– Eg har vore vant med å sitte litt for mykje, seier Ingrid Slettkolloen Willa og ler. Ho er glad i å strikke. På Sundheim blir det derimot mange skritt på skrittellaren, med mykje gåing i gangane.

– Tilbakemeldingene på Sundheimsgruppa er god, slår Kristin Sandbu fast. Det er ho som organiserer og sørger for at arbeidsdagen flyt godt for gruppa.

– Alle har kvar sin arbeidsplan, med kva oppgåver dei skal gjere. Dei er alltid to og to på same avdeling, nokre arbeider to dagar, mens andre er her kvar dag. Vi har vorte overraska over kva arbeidsoppgåver dei klarer og ønskjer å utføre, seier Sandbu.

Ingrid, Fredrik og Stian går igjennom dagens plan med Kristin Sandbu. Foto: Tone Sidsel Sanden

Velfortent applaus

Og sidan dette, som skulle vere eit prøveprosjekt, fungerer så godt, ser det ut til at ordninga fortset framover også.

– Alle saman har vokse veldig. Dei har mykje ansvar, seier Rotmo, som let seg imponere da han høyrer Dag Robin spele og synge på avdelinga.

– Dag Robin, nå vart eg imponert! Eg var ikkje klar over at du ar så flink, seie han, medan bebuarane gir musikanten velfortent applaus. Det blir god stemning av slikt.

– Det er hyggeleg å ha desse ungdommane i gangane her. Dei tilsette synes også det er bra, det gir mykje god avlastning for dei. Gruppa er også godt synlege for pasientene på Sundheim, seier Kvamme.

Dag Robin, Stian, Ingrid og Fredrik får god hjelp og rettleiing av Kristin Sandbu, som har full oversikt over alle arbeidsoppgåver. Foto: Tone Sidsel Sanden

Varig ordning

Og medan lokalavisa er på besøk, demonstrerer firkløveret Ingrid, Fredrik, Stian og Dag Robin, nokre av arbeidsoppgåvene dei utfører. Som å ha kjøkenteneste.

– Dette blir å rekne for overtid det, nå, konstaterer Stian, til latter frå dei andre. Med namneskilt og arbeidsklede som «alle andre», tek han arbeidet sitt seriøst.

– Eg synes det er flott at vi kan få til eit slik samarbeid innad i kommunen. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for oss alle. Så lenge dei trivst og har det bra her, håpar vi at dette kan bli ei varig ordning, seier Kvamme.

Vinn-vinn: Det er stor einigheit om at ordninga fungerer godt. F.v.: Stian Einlien, Per Erik Rotmo, Hanne Kvamme, Kristin Sandbu, Dag Robin Olafsen, Ingrid S. Willa og Fredrik Røen.