I desse dagar lanserer dei saman med bakeriet på Vinstra ei ny Gålåkaku, med ny oppskrift og ny pose. Styreleiar i Gålå idrettsanlegg, Ole T. Muriteigen, meiner dette er eit meir barnevenleg brød, etter ønskje frå eit testpanel av barnefamiliar. Dagleg leiar i O.R. Ødegaardens bakeri, Anne Gunn Brendstuen, forklarar endringa.

Fem lag eig saman

– Det nye brødet er grøvre, men er utan heilkorn, fortel ho.

I samarbeid mellom Gålå idrettsanlegg og næringshagen har Krible design fått i oppdrag å designe ny brødpose, med bilete frå Gålå, som seg hør og bør.  I følgje styreleiaren eit bilete av verdas beste skiløyper …

Gålå idrettsanlegg er eigd av fem idrettslag i midtdalen, Harpefoss IL, Sør-Fron IL, Tormod Skilag, Vinstra IL og Ruste IL. For kvar kaku seld, tener anlegget ei krone og femti øre, noko som har gjeve så mykje som opp mot 20 000 kroner i inntekt årleg.

Lalm i toppen

– Avtala om Gålåkaku kom i stand i forkant av bygginga av ny skistue for åtte år sidan, fortel Muriteigen.

– For oss har det sjølvsagt mykje å seie at folk lokalt har eit brød frå oss dei føretrekkjer, samstundes er det bra å få til eit slik bra samarbeid med lokale lag, seier Brendstuen.

Andre lag har også gjort avtalar med bakeriet på Vinstra, og best i klassa er Lalm musikkforening, som med sitt Brass-brød tener opp til 60-70 000 kroner i året på avtala, kan Brendstuen fortelja. Også Furusjøen Rundt, med sitt Eventyrbrød, nyter godt av at folk handlar patriotisk.

– Målet må sjølvsagt vera å bli like flinke til å handle kaku som dei på Lalm, seier Muriteigen.

Også kjedesponsing

Også daglegvarekjeda Rema 1000 har lansert lokalt sponsorbrød, til inntekt for Vinstra Motorsportarena. Her går to kroner per brød til anlegget. Butikksjef Simen Lostad seier til Dølen at det har vore gjort tilsvarande avtaler med godt hell andre stader i landet, i eit samarbeid mellom bakekjeda Mesterbakern og Rema 1000.

– I utgangspunktet er det lagt opp slik frå kjeda at vi kan sponse lokale lag. Frå før sponsar vi fotball, så da prøver vi å støtte Vinstra Motorsportarena på denne måten, seier han.

Han legg til at dei også har brøda frå den lokale bakaren, og at dei ønskjer å halde fram med å satse på lokal mat.