Bjørn Eidsvåg gjorde det umoglege mogleg på Rudi gard: Han fekk midtdølane med på allsang!

Og ikkje berre éin, men fleire gonger i løpet av konserten på Rudi onsdag kveld kasta dølane seg ut i Sha la la og andre velkjente Eidsvåg-strofer.

– Eg vart åtvara om at allsang kanskje ikkje var det smartaste å utfordra folk i Gudbrandsdalen på, men det gjekk jo bra, og det allereie på fyrste låt, sa ein Eidsvåg i storslag til ein fullsett Rudi-låve.

Strålande band

Repertoaret bestod av både gamalt og nyare materiale, alt solid presentert av bandet beståande av Kjetil Steensnæs på gitarar, Bjørn Holm på bass, David Wallumrød på tangentar og Anders Engen på trommer – alt fint innpakka i perfekt balansert lyd. Eidsvåg er det naturlege midtpunktet og presenterer skjemt og alvor hand i hand – 20 % standup og resten botnsolid visepop med tekster som går utanpå det aller meste. Folket koste seg, Eidsvåg koste seg, og ingen hadde eigentleg lyst til å gå att frå Rudi.

Neste onsdag er det klart for nytt storbesøk på Rudi gard, da er det Ole Paus sin tur til å trollbinde dølane frå scena i Rudilåven.

Les meir i papirutgåva 6. august.