Alle forventar at kafear, hotell og slikt har nettilgang via wifi, og etter kvart har dei fleste det. Problemet er at etter ei stund kjenner mange til passord for tilgangen til nettet.

– Eit nettverk stanar ikkje i døra, det går utruleg langt. Og det er ikkje mange uønska faste brukarar som skal til for å strupe eit nettverk, seier gründer Stian Næprud til Dølen.

I staden for å ta seg bryet med å skifte passord, opererer gjerne kafear og hotell med same passord over lange periodar.

– Eg har vore på kafear, gjerne med fleire års mellomrom, og dei har same passordet, seier Næprud.

Da står tryggleiken og kvaliteten på nettet på spel.

Støtte frå Innovasjon Norge

Det har Næprud og medgründer Ståle Jensen i Webio funne løysinga på. Med 150 000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge har det Vinstrabaserte firmaet konstruert NetOn Hotspot, eit system som består av ein ruter og eit nettbrett som heng synleg i hotellobbyen, i kafeen, eller på møterommet. Der får brukaren nytt og oppdatert passord kvar dag.

– Ruteren bytter passord automatisk kvar dag, og er kopla opp mot skjermen som viser dagens passord. Det betyr at du har sikra nettverk kvar einaste dag, utan å måtte bytte passord manuelt, forklarar Næprud, som seier Innovasjon Norge har stor tru på nyvinninga.

– Og så vidt vi har klart å finne ut finst det ikkje noko anna liknande løysing på marknaden i dag. Det kan fort vera eit produkt ein ikkje veit at ein treng, seier Næprud og Jensen.

Internasjonal hit?

Hittil har duoen testa ut ein prototyp av løysinga på Drivhuset på Vinstra. I sommar starta marknadsføringa, og håpet er at hotell, kafear, restaurantar, kontor og møtelokalar kan sjå nytte av sikra nettverk.

– Vi har også planar om å gå internasjonalt med produktet, sidan ingen andre har gjort dette utanlands heller, seier Næprud.

Ståle Jensen og Stian Næprud i Vinstra-firmaet Webio har utviklet et helt nytt system for å trygge nettverk. Foto: Bjørn Sletten