Der gjorde dei vedtak om ei tillegskvote på seks dyr, i kvota av jerv som skal uttakast gjennom lisensfelling.

Oppjustert til 21

Dermed er kvota til lisensfelling auka frå 15 til 21 dyr. Lisensfellingsperioden er frå 10. september til 15. februar.

- Det vart registrert ei tispe med ungar på Dovrefjell. Denne er godkjent som ei ny yngling, og ekstrakvota kjem i tillegg til vedtak frå 24. juni m ei kvote på 15 dyr, seier leiar i nemnda, Ivar Odnes. Revetispa med ungane vart fotografert medan dei forsynte seg av matestasjonen for fjellrev på Dovrefjell.

Utfordringa er å få uttak av alle dyra i kvota. Det er derfor nemnda har fått i stand eit prosjekt med bruk av mellom anna båsfelling.

Til no i år har nemnda brukt 1.2 millionar kroner til skadefellingsjakt, av eit budsjett på 800 000. Tilleggsløyvnga på 500 000 kroner er også i ferd med å bli brukt opp. Det har kome lovnader om meir.