– Det er ikkje vanskeleg, når ein får inntrykka frå TV, å prøve å gjera sitt for å yte litt medmenneskelegheit i denne krisa. Så eg meldte meg til teneste, seier Johansen, klar til å hjelpe dei flyktningane som kjem til Norge kvar dag nå.

Norske campingplassar

Bakgrunnen for kontakta med UDI, er at direktoratet har vore i kontakt med NAF-campingplassane over heile landet, og oppmoda dei til å ta imot asylsøkjarar i midlertidig transittmottak. Dette skjedde onsdag. I går tok Johansen kontakt, og sidan har ballen rulla fort. Rådmann og ordførar vart kontakta i går, og møte med kommunen omkring praktiske ting vart ordna i dag. Mellom anna får Kirketeigen høve til å bruke dusjfasiliteter på Kvam trivselsbad, til avlastning for anlegget på Kirketeigen. Kommunen har også orientert instansar som brannvesen, politi og skular og barnehagar.

Syria og Eritrea

Allereie i morgon kjem nå 44 menneske til Kirketeigen. Halvparten av dei er frå Syria, andre halvparten er frå Eritrea.

– Alt er klart, eg og kona har gått over alle hyttene våre i dag, og vi har vore på Kiwi og ordna med bestilling av meir mat, seier han.

Og folk i Kvam har stilt opp. Allereie i dag var det folk som ringte og tilbydde hjelp. Flyktningane kjem til å vera i Kvam nokre dagar, fram til dei blir plassert i ordinære mottak. Etter den fyrste pulja, vil det koma nye.

Det vil ikkje vera behov for kommunale tenester som barnehage, skule eller liknande, til transittmottaket.

Kun mat og senger

Det akutte behovet Utlendingsdirektoratet må finne løysingar på i slike midlertidige mottak som på Kirketeigen, har oppstått i løpet av dei siste to tre vekene. Talet på flyktningar som melder seg til Utlendingseininga hjå politiet i Oslo, ligg nå omkring hundre, kvar dag. I tillegg har talet på mindreårige einslege asylsøkjarar vore høgt i fleire månader. Ordinære mottak er derfor fulle, og UDI er i forhandlingar med fleire hotell og campingplassar i heile landet. – Desse midlertidige løysingane dekkjer innkvartering og mat i eit par døgn, før dei blir sendt vidare til ordinære mottak, seier regiondirektør Eirik Eide i UDI.