For snart fem år sidan opplevde Kvamssamfunnet den andre 100-årsflaumen på to år. Om den fyrste flaumen tok folk på senga, var ikkje flaumen som toppa seg 22. mai 2013, mindre overraskande.

borte: På berre timar forsvann ein skåle, halve huset og det meste av hagen. Judit og Håkon Næprud vart evakuert nordover rett før elva grov over E6.

Rekordevakuering

Å miste heimen er tungt, men å gå i over fire år å vente, det er tyngre. Vi har snakka med tre av familiane som var råka av bygge- og delingsforbodet etter flaumen, og som nå endeleg er på plass i nye hus.

– Det er ingen, ikkje eingong under krigen, som har vore evakuert så lenge som oss her langs Åa, meiner Gjermund Lien.

Han og sambuaren Hanne Lisbeth Øverli flytte inn i nytt hus 8. desember i fjor.

– Det er godt, og nå stundar eg heim heile veka, seier pendlaren.

Optimist: Helst ville Hanne Lisbeth Øverli bygge opp att her, og uttala det til Dølen allereie dagar etter flaumen. Nå har ho og sambuar Gjermund Lien bygd nytt hus på same staden. arkiv

Tida vart lang frå 22. mai 2013, men båe har lett for å sjå framover og har hatt trua.

– Vi tenkte som så da huset strauk, at det var berre ting, vi var forsikra, og hadde tru på at dette skulle ordne seg greit, som Hanne seier. Ho tenkjer attende på flaumen.

– Eg greidde ikkje å tru at det kunne skje att, så fort etter 2011, seier Hanne.

Om dagen 22. mai var ho ein tur rundt for å sjå på flaumen. Dagen før meldte NVE om flaum, kanskje som den i 1995 eller 2011, på heile Austlandet. Statens vegvesen meldte at dei var i flaumberedskap. Kommunane hadde krisemøte.

– Eg var borti baksida ein tur ved eittida, og reiste litt rundt for å sjå, fortel ho.

på plass: Det var godt å koma i hus att i Åvegen, tykkjer Hanne Lisbeth og Gjermund, som fløtte inn, saman med hundane Sjakk og og Fender d.y., i desember i fjor.

Evakuert

Ho var på veg attende for å mate dei fire hundane noko seinare, men da var evakueringa sett i gang.

– Det var heilt uverkeleg, seier Hanne.

Gjermund høyrde om tilstandane og ba om å få reise heim frå pendlarjobben i Oslo. Turen frå byen tok ti timar, og gjekk via Valdres, Vågå, baksida frå Otta til Kvam.

Nå sit dei her endeleg, og har landa i nytt hus, og det på same adresse som før.

– Ei stund var det veldig tungt, som da vi fekk høyre at det kom til å ta enda eit år. Stresset tok på, seier han.

Rundene med både forsikring og byggeinstansar, utsette sikringstiltak og tidfristar som kom og gjekk, vart meir omfattande etter kvart, enn nokon trudde dagane etter flaumen.

– Nå etterpå kan vi sjå at det gjekk bra, og at vi sit her med eit godt hus, men det var mange små og store kampar, seier Gjermund.

På same stad: Judit og Håkon Næprud har budd i ei av leilegheitene i huset som yngstesonen eig, sidan evakueringa var over. Det sto att etter flaumen, så dei flytta berre litt over åtte meter. Nå gler dei seg til å koma i gang skikkeleg med hagen, igjen.

Gret for naboen

Judit Næprud og mannen Håkon har nå budd i nytt hus sidan 15. november i fjor. Endeleg kunne dei få plass til å be barn og barnebarn til julefeiring i Kvam att.

– Og nå reiste dei akkurat heim att etter vinterferie her, seier dei.

Å vera attende er godt, men det Judit har sakna mest, er å få halde på med hagen ute.

– Eg har mista borti 3000 liljelaukar, blant anna. Det kunne vorte pent på øyene nedover Laugen, om dei greidde seg og slo rot, ler ho.

Da flaumen kom, hugsar Judit at ho sto på verandaen og gret, for ho såg huset til naboen på andre sida fekk elva rett imot. Seinare på dagen strauk verandaen ho sjøl hadde stått på, og meste av kjellaretasjen under huset.

– Eg tenkte ikkje på at det kunne bli slik, seier ho.

Ho og mannen hadde berre att å få gjort noko steinlegging ute, før alt skulle vera i stand att attpå den førre flaumen, to år tidlegare. Pallane med stein som sto klare, strauk på elva, saman med resten av den nytilstelte hagen og ein skåle.

– Men eg saknar likevel den gamle Åa, seier Judit.

Der sto heggekrattet tett, og skjerma hagen. Ei lita grind og steg ned til vatnet var laga til for ryfylkingen Judit.

– Når ho sakna havet for gale, sa eg ho fekk gå nedi Åa ein tur, ler Håkon.

Han har trua på at det kjem seg. Og båe ser at folk kosar seg når dei går forbi på gangvegen som har kome utanfor.

2015: Å få sett igang med bygging våren ’16 gjekk ikkje, da NVE måtte utsetja bygging av botnlastsperre 2. Ove André Øybrekken var av dei med mange spørsmål da NVE møtte på bygdahuset.arkiv
i sola: Her skal framtida bli, i eit nytt hus med plass til slekt og vener familien har langt unna. Å legge inn litt ekstra for å få det slik dei ville, har vore viktig for Connie og Ove Andre.

Ingen bursdag

Denne onsdagen, som vart eit tidsskillje for bygda, skulle Cornelia Alhovik og dottera Rebecca, som var tre år i 2013, borti bygda i bursdagsselskap på føremiddagen.

Eit bilete teke frå gardvegen i tolvtida syner gråvær og ein stor Laugen. Regnværet sto tett, og det var disig og grått ute.

– Eg hadde nok tenkt litt fornuftig, for vi tok ikkje bil. Da vi hadde kome eit stykke borti Åmillom måtte eg ta Rebecca på armen og snu, for da kom vatnet, fortel ho.

Bileta frå Kvam sentrum har heile Norge sett. Vatnet tok vegar og hus, bilar og campingvognar.

Rebecca blir nå snart åtte år, og hugsar det ikkje sjølv.

– Men eg hugsar liksom flaumen likevel, for bestemor har prata mykje om den, seier ho.

Denne dagen vart det trøste-is i staden for bursdagsfeiring.

Samstundes med bursdagsretretten hadde Cornelias sambuar, Ove Andre Øybrekken, tatt sykkel og knehøge støvlar, for å hjelpe faren å berge unna ting i kjellaren hans, som sto full av vatn.

– Det var kanskje ikkje det luraste, når ein tenkjer på det etterpå, for eg såg jo ikkje om det var hol i vegen under vatnet eller noko. Vatnet gjekk så høgt at eg fylte støvlane, fortel han.

Rask: Rebecca (snart 8) er snart ferdig med å pakke ut, og poengterer for mamma og pappa at ho nok blir ferdig lenge før dei. Det nye rommet er klart for fyrste overnatting nå i vinterferien.

Siste inn

Nå står dei på hovudet i pappkasser og er i full fart med montering av møblar og dei siste detaljane på det nye huset.

– Vi fekk ferdigattest fredag, så nå kan vi flytte inn, seier dei.

Rebecca gler seg til å prøve boblead på det nye badet, men er ikkje så glad for at ho må begynne å gå til skulen.

Tida med venting er over. Det er dei alle glade for.

– Det er mykje hardt arbeid med bygging og med flytting, men det er mykje greiare å bera ein sofa, enn å bera den hugsotta vi hadde undervegs - rekk vi å få opp huset før fristen? Blir byggeforbodet oppheva i tide? Heldigvis gjekk det. Det skal bli godt å lande her, seier Cornelia.

Påkjennning: Det vart ei lang ventetid, og mange rundar med mange instansar kjentes som utmattingstaktikk. Men målet er nådd, og tryggare enn nokon gong ser dei fram til å bu i Åvegen i all tid.

Kvamshumoren bergar mykje

Dei tre familiane vi har snakka med fortel alle at den eigne kvamshumoren og sjølvironien har vore til god hjelp gjennom venting og usikkerheit.

Hjå Håkon og Judit sto bilen pent plassert oppå eit kumlokk da flaumen la seg. Ein ordhittug kvamver var straks frampå og lurde på om Håkon dreiv med oljeskift på bilen.

– Det er den måten kvamverane er på. Skal ein skratte eller skal ein skrike når noko er så gale?

Hjå Gjermund og Hanne hadde heile eine delen av huset gått på Åa. På vaskeromsveggen sto utslagsvasken klar for nye styrtregn.

– I 2011 var det berre postkassestativet som strauk - i 2013 var det berre det som berga, ler dei.

Sjøl om garasjen med utstyr til jakt og til hundane, reiskap og julepynt, eigentleg alt som var lagra, strauk, var det berre ting, konkluderte dei med.

Alle har tenkt på korleis det skulle ha gått om flaumtoppen hadde kome om natta. Om det hadde gått liv.

– Vi er verdens heldigast, eigentleg, vi hadde eit godt hus å bu i før også, og nå har vi eit nytt hus. Det er godt å vera attende i enden av Åvegen, seier Hanne Øverli.

E6: Hit, men ikkje lengre. Storåa i Kvam grov hovudvegen gjennom Sør-Norge tvert av og stoppa trafikken. Bak ser ein restane av huset og hagen til Judit og Håkon Næprud. arkiv
Katastrofe: Bileta frå Kvam gjekk verda rundt i dagane etter flaumen. Uverkelege bilete, og ein uverkeleg situasjon, også for dei som sto oppi det. Arkivbilete:Tone Sidsel Sanden