Den faste morgonrutina gjer ho før ho og mannen Finn set på morgonkaffen, og dei fjørkledte takkar med å koma i hopetal.

– Gråsisiken kjem i flokk på opptil hundre, og det er meisar og finkar av alle slag, forklarar ho.

Så mykje besøk er det på foringsbrettet, at Finn vart fast kunde på mølla. Der får han 25-kilos sekkar prima frø, og oftast også ein god prat med Asbjørn og Trygve.

– Eg trur vi er godt nedi den sjette sekken nå i vinter, seier Finn.

Frukosttid: Kjøttmeis og sisik flokkar seg under brettet, og finn mat ei morgonstund i mars.

Pensjonistane har Lauvåsen som fast adresse frå oktober til over påske, og har fått fleire faste gjester enn fuglane. Ein rev kjem hyppig, og veit å setje pris på middagsrestane Ellen set ut når han kjem. Ein hare har også dukka opp ved foringsplassen.

– Fyrst lurte vi på om det var ein katt, men vi såg fort at det var ein hare, med svart på øyretippane, fortel Finn.

Dermed laga dei til ei foringsgrop til haren også, som i likheit med fuglane sette pris på solsikkefrø. På bjørkeleggane ved fuglebrettet og foringsautomaten er det festa sider med spekk, energinivået til fuglane skal halde sjøl i dei kaldaste dagane. Og kornbandet er framleis å sjå.

– Eg syns eigentleg ikkje det er noko fint så lenge etter jul, men du skjønnar fuglane held på inni der ennå, eg trur kanskje det gjev litt ly. Derfor har eg ikkje hjerta til å ta det ned, seier Ellen.

– Vi er jo glad i å ha dyra rundt oss, slik er detom sommaren også, med nokre faste gjestar, fortel Finn.

Om sommaren forlet dei Lauvåsen til fordel for Tjøme, der Ellen er født og oppvaksen. I fjor rekna Finn ut at han hadde skore opp 40 000 brødbitar til ei einsleg svanemor med sju ungar.

Bufast: Når ein bur på fjellet heile vinteren, er spark og ski dei foretrekte framkomstmidla. Føre er i alle fall ikkje mangelvare i år, forsikrar Ellen.

– Det var ei trist historie, for nokon skaut svanefaren, så mora vart aleine med den store flokken, seier Finn.

Dermed ordna han seg med brød frå den lokale butikken, og kvar morgon kunne dei sjå svanemor med dei sju nede på sjøen, klare til frukost.

– Dei kom til heilt faste tider tre gonger om dagen, seier han, og viser fram bilete av flokken frå dei er små nøste til alle har nådd att mora i vekst.

Og svaneflokken er ikkje einaste faste sommargjesten.

– I bortimot femten år har vi hatt ei måke som fast gjest. Gunnar har fått namn, og har sitt eige svaberg oppattkalla etter seg, seier dei.

På Gunnars plass har han dukka opp fast, med det same Ellen og Finn kjem flyttande for sommaren.

– Det er akkurat som han veit når vi skal koma, «ja, påska var litt sein i år, der er dei endeleg», ler Finn.

Dei er spente på om han framleis er der når dei etter påske vender nasen ned frå fjellet.

Når den tid kjem , er dei også tre i følget. Måndag får dei nemleg eit nytt familiemedlem, når labradoren Disney kjem til fjells.

Måking: Litt for hånd, men for det meste svergar Finn til snøfresen. I år har den vore ekstra god å ha.

– Han har vore trena til førerhund, men besto ikkje eksamen. Det var visst jaktinstinktet som var litt for sterkt, forklarer Finn.

– Det er jo ikkje så lurt for ein førerhund, men passar heilt fint for oss, seier Ellen.

Dei har hatt mange labradorar, og alltid hatt hund. Derfor gler dei seg til nykomlingen, som skal få følge med på dei daglege skiturane som er ein del av kvardagen på Lauvåsen.

– Vi valde å bygge oss hytte her i fjor, etter å ha leigd hytte ei veke på Gålå, fortel dei.

Før hadde dei hytte i Tuddal, men bratte bakkar og mykje snø, i kombinasjon med løyper som ikkje blei kjørt veldig ofte, gjorde utslaget.

– Terrenget her er snillare, og så er det løypene - vi kan altså ikkje få fullrosa løypelaget. Alltid er det nypreppa løyper, det er heilt fantastisk, seier dei.

Trivs: – Gå saman om marknadsføringa, og fortel om dei fantastiske skiforhalda her, oppfordrar ekteparet Poulsen. Dei skryter hemningslaus av Gålå løypelag.
Granmeisen er klar for foring, og er så lite sky at Ellen har opplevd at den har sett seg på hånda til og med. I fjellbjørka er den godt kamuflert. Foto: Guro Vollen