For å illustrere utfordringa næringslivet i Gudbrandsdalen har med å kommunisere moglegheitene her, bad Amund Grytting alle om å tenke på ein sang.

- Så skal du klappe den for sidemannen, og han skal gjetta sangen.

Ei nølande klapping og latter frå salen understreka poenget.

- Der er utfordringa; de sit med kunnskap om kor bra det er å bu og arbeide her, men det må kommuniserast ut til dei som ein gong skal flytte hit, seier Grytting.

Grytting var invitert til Næringslivets dag på Rudi gard torsdag, som gründer og leiar av Young Sustainable Impact (YSI).

Innovasjon online

Organisasjonen har eit innovasjonsprogram, som i fjor fekk 10 000 søkjarar frå heile verda, til 25 plassar. Nålauget vart gjort trongare i år, men likevel kom over 8 000 søknadar inn, frå unge talent med ein idear til innovasjon for å nå FNs bærekraftmål.

- Så eg har lese ein del søknadar i vinter, seier Grytting.

Organisasjonen samlar unge over heile verda for å løyse utfordringane verda står overfor med å oppfylle FNs definerte bærekraftmål.

- Finn ut kva bærekraftsmåla til din bedrift skal vera, og be gjerne med unge for å finne gode løysingar, oppmoda han næringslivsleiarane til.

- Den halvtimen over ein kaffekopp, kan bli starten på eit nytt industrieventyr, seier han.

Ideen til YSI kom for to år sidan, etter Paris-konferansen.

- Da hadde det vore snakk om bærekraft dobbelt så lenge som eg hadde vore til, kva vil skje om vi samlar dei mest engasjerte unge frå heile verda? Vi har ein visjon om ei berekraftig verd, og trur at innovasjon kan løyse det, seier han.

Ti tusen søkte

Organisasjonen hans samla fyrste året 20 unge under 20 år frå 16 ulike nasjonar, i Oslo, for å vise ideane dei hadde jobba med, fram for investorar. Eitt av fire prosjekt er framleis i gang.

- Måten vi jobbar på, er at vi finn dyktige talent etter søknad, set dei saman i team som jobbar online, og så jobbar dei i fire og ein halv månad, med ein ide dei til slutt får vise fram for investorar i Oslo, fortalde han.

Mykje frivillig arbeid er lagt ned, organisasjonen får noko støtte frå ulike hald, og i tillegg jobbar dei med å hjelpe ulike bedrifter for å finne bærekraftige løysingar.

- Akkurat nå har vi eit prosjekt med Yara, seier han.

Unge med: Ei oppmoding om å gjerne flytte næringslivets dag unna eksamenstid og gjerne slå det saman med ein konsert, fekk fart på Øystein Rudi.- Det får vi til, seier han. Foto: Guro Vollen

Få med dei unge

Til slutt oppmoda han arrangørane til å flytte Næringslivets dag unna eksamenstida, og gjerne i samband med ein Baksida-konsert.

Øystein Rudi var ikkje sein til å koma bort til Amund Grytting etterpå, og kaste fram ide om at årets konsert med dølarockbandet godt kunne starte med eit tankevorspiel.

- Eg skyt frå hofta eg nå, altså. Vi kan gjerne rigge opp ein teltcamp her og huse folk, detta får vi til, meinte han.

Grytting er med på ideen, sjøl det er i ei hektisk opkjøring til avslutninga for innovasjonsprogrammet i Oslo akkurat da.

- Men det er lurt å tenke på den måten, det gjeld å ikkje gjera det fyrste steget for vanskeleg. Det gjeld for alle, tenk enkelt, still spørsmål til sjefen. Alle kan finne seg to av bærekraftmåla, som seier noko om eiga bedrifts kjerneverdiar. Still spørsmålet, og få gjerne unge folk med på laget for å utvikle det vidare, avsluttar han.