Laurdag gjekk første semifinale i konkurransen INTRO-folk av stabelen på Folkemusikkveka i Ål.

Felespelaren Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron og hardingfelespelaren Johanne Flottorp frå Åmli kjempa om finaleplass føre eit begeistra publikum på Kafé Tid på Ål.

Imponerte

Etter to imponerande konsertar vart det avgjort at Rasmus Kjorstad skal vere med vidare i konkurransen om den gjæve tittelen "Årets unge folkemusikar 2018", speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kronar. Premien vert delt ut i Operaen under Meisterkonserten 11. november der vinnaren òg får spela ein slått.

Juryen uttalte om Kjorstad: "Vi er imponert over Kjorstads nyanser i spillet og djerve spillesett som er godt rotfestet i Gudbransdaltradisjonen. Han er et friskt pust!"

- Det blir spennande å sjå kven Rasmus Kjorstad møter i finalen. Det blir avgjort på dei neste semifinalane. På Førdefestivalen skal Ole Nilssen og Helga Myhr møtast, og på Telemarkfestivalen skal Ingvild Blæsterdalen og Mads Erik Odde møtast. Finalen blir på Folkelarm som blir arrangert  8. - 11. november, seier John Stenersen i FolkOrg.

Tidligare vinnarar av INTRO-folk:

Odde & Holmen (2015)

Erlend Viken (2012)

Kim André Rysstad (2009)

Benedicte Maurseth (2007)

Majorstuen (2005)