Set opp ekstra framsyning

Det er stor pågang og så mykje som 75 prosent belegg allereie på framsyningane til Peer Gynt på Gålå i august.

Peer: I fjor var far og sønn Oftebru ung og gamal Peer på Gålå. Ny regi i år skal by på heilt ny framsyning i år.  Foto: Guro Vollen/arkiv

New Articles

Det blir ei ekstra framsyning av utandørsteateret 5. august, melder Peer Gynt AS i ei pressemelding onsdag.

Årets framsyning er regissert av Marit Moum Aune. Det er duka for ein heilt ny Peer Gynt på Gålå, der eitt av grepa til regissøren, er å invitere arkitektkontoret Snøhetta til å stå for ein del av det scenografiske uttrykket. Mellom anna med vassflate på scena, slik at den "smeltar saman" med Gålåvatnet. Moum Aune har engasjert Pål Kristian Eggen til å spela hovudrolla som Peer i år. Eggen er til dagleg skodespelar ved Det Norske Teatret i Oslo.