Meining: - Som gammal, innbarka målmann gjennom alle år, tykkjer eg sjølvsagt ikkje det er nok nynorsk

Dølen er ei god lokalavis med stoff frå grendene våre som er av interesse for lesarar i alle aldrar, og som i 2019 også fekk heider og ærespris frå Laget for lokalaviser.

Skole. Skolen. Står Ja til nynorsk på tavlen. Tavla. Tavle. Skolene. Kritt. Svamp. Skolereformen. Kvalitetsreform. Kvalitetsreformen. Pedagogikk. Reform. Læreryrket. Ungdomsskolen. Grunnskolen. Skolepolitikk. Målføre. Språk. Skriftspråk. Muntlig. Debatt. Skoledebatt. Sidemål. Debatter. FOTO: SCANPIX  Foto: Scanpix

New Articles

Vel fortent.

Som gammal, innbarka målmann gjennom alle år, tykkjer eg sjølvsagt ikkje det er nok

nynorsk å sjå i spaltane, men når ein høyrer til ein språkleg minoritet i det norske samfunnet, lyt ein vel finne seg i det.

Når eg likevel tillet meg å skrive til avisa nå, er det for å bed dykk oftare bruke nynorsk når de skriv om noko som barn har særleg interesse for å lesa. I fronskommunane har så godt som alle skulebarna opplæringa si på nynorsk, og dei vil bli flinkare til å bruke skriftspråket og meir glade i det viss dei møter det oftare utanom skulen.

Bokmålet ser dei rikeleg i bruk, og sidemålsundervisninga fell derfor og lett for dei fleste nynorskelevane. For bokmålselevane kan av den grunnen og ei større eksponering for nynorsk utanom skulen vera svært tenleg.

Kanskje kunne ein forvente eit større samfunns- og kulturansvar frå avisa si side når det gjeld bruk av nynorsk når det blir skrive om og intervjua barn, om opplegg og tilskipingar på skular, om fritidsaktivitetar for barn og anna som dei yngste kjenner seg att i og derfor helst vil lesa om.

Paul Henrik (73), pensjonist (tidlegare pedagogisk-psykologisk rådgjevar).