Varsler store mengder nedbør og jordskredfare søndag

Det er venta store mengder nedbør søndag. Meterelogisk institutt melder om gult farevarsel.

Illustrasjonsbilde  Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB

New Articles

Frå natt til søndag til søndag kveld er det spådd ei stor mengd regn. Nedbørsmengdene vil variere, men det ventast 50-70 mm.

Lokalt kan det kome meire, meldar Meteorologisk Institutt.

I tillegg ventast det jordskred- og flomskredhendingar. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengd, og bratte skråningar samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Enkelte store hendingar kan førekomme. Meteorologisk Institutt rådar alle til å halde seg oppdaterte om utviklinga av været og skred- og flomsituasjonen.

Farevarselen gjeld frå søndag til måndag. Fara skal minke måndag.