Denne veka har musikk- og folkemusikklinja prosjektdagar saman med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad, og framsyninga er vårprosjektet til musikk- og danselina på Vinstra vidaregåande skule er eksamen. Alle elevane bidreg til heilskapen, anten det er på arrangementssida, som dansarar, i koret eller på andre måtar.

- Dette er fantastiske ungdommar å jobbe med, seier Aasmund Nordstoga, som saman med Reistad og elevane held to framsyningar.

Utseld

Fyrste framsyninga vart utseld, og dermed sette Elysian UB, elevanes eige arrangementsselskap, opp ei framsyning til same kvelden.

- Det var tanken, når vi tok eit slik prosjekt i samband med 20-årsjubileet til musikklina, at vi skulle prøve å få til to framsyningar, men vi måtte sjå an salet fyrst, seier Mina Letrud i Elysian.

Og salet gjekk veldig godt, tysdag kunne dei notere seg at framsyning nummer ein var utseld, og ei framsyning til vart sett opp.

- Det var jo kjempeartig å få til ei ekstra, seier Letrud.

Vinje- og folkemusikklineubileum

Det er Aasmund Nordstoga si utgjeving med utgangspunkt i Vinjes tekster, at framsyninga er bygd opp. Albumet "Guten" kom i 2013, da det var 195 år sidan Aasmund Olavson Vinje vart fødd.

- Her er det både trippel Aasmund og dobbelt jubileum, elevbedrifta Spira, vokalensemblet på musikklina, koret, dansarar og band på ein gong, og dette bør ein ikkje gå glipp av, seier arrangørane frå Elysian, Tea Aasmundstad, Madeleine Mølmen og Mina Letrud.

Vårprosjekt

Prosjektet har vore jobba med heile våren, og berre finpuss var att då Nordstoga og Reistad kom til innspurten.

- Vi var her fyrst 8. mars, og da var elevane godt i gang med materialet. Nå jobbar vi berre musikalsk, tonar og tekst og slikt er på plass, seier Nordstoga.

- Besetninga på folkemusikklina har vore med å forme framsyninga, seier Madeleine Mølmen i Elysian.

Mellom anna betyr det at Simen Iversstuen Blekastad, som har hovudinstrument orgel, spelar trøorgel i oppsettinga.

- Det er veldig umoderne, veldig gamalt, og spelar også litt av seg sjølv, ler han.

- Men det må da også vera trøorgel for å få vera med som folkemusikkinstrument, legg Åsmund Reistad til. Som seg høver jubileet.

Simen Iversstugun Blekastad, Åsmund Reistad, Aasmund Nordstoga, Herborg Oma, Madeleine Mølmen, Tea Aasmundstad og Mina Letrud gler seg saman med heile musikk- og danselina på Vinsta til å gjera to framsyningar onsdag. Foto: Guro Vollen