Gjengen i Vinstra-revyen sa det så treffande: - Kulturlivet utta døkk ha vorè skralt.

For det er få kulturarrangement årets prisvinnarar ikkje tek del i, eller som dei helst er med på å har ansvaret for.

Men dette var timane da kulturens dobbelteinarar, Jorun og Vegard Moshagen, sjølve vart sett pris på. Med eit rikhaldig og variert program på scenen, og med høgtidelig utdeling av Kulturprisen 2017.

Og kvelden vart to prisvinnarar verdig, med det beste kulturlivet i kommunen har å by på.

Store og små fekk skine

Ekteparet var som heidersgjestar, plassert på fremste rad, og med ein sjeldan moglegheit til å faktisk nyte ei kulturoppleving fra publikum sin ståstad.

Som regel er dei sjølve delaktige i dei fleste kulturarrangement i kommunen. Vegard som kunstnerisk leiar, som musikar, som teknikkar. Jorun som rektor og leiar for kulturskulen, og som dirigent for Norsk Et lite Kor.

Kveldens programleiar, Eldar Nilsen, losa det heile igjennom på ein humoristisk og godt samanbunden måte. Der både store og små fekk skine i rampeljoset på scenen. Akkurat i tråd med slik ekteparet Moshagen også arbeider for.

- Vorte vår lukke

- Du lyfter fram ungdommen, Jorun. Du er oppteken av at dei andre skal kome fram, Vegard. Dykk sprer positivitet og varme og får fram det beste i folk, sa ordfører Rune Støstad i tala til paret. Støstad rosa dei begge for å vere gode samfunnsbyggjarar.

- I kveld er det tid for oss å gje attende, sa Støstad, og delte ut sjekk på 20 000 kroner, diplom og blomster til prisvinnarane.

Paret held takketale saman, der dei fortalde kor mykje det har betydd for dei å bli tatt så godt i mot som tilflyttarar på Vinstra.

- Det har vore 19 fantastiske år, som vi har fått teke del i. Vi har fått jobbe med utruleg mykje av kulturgullet som finst her. Og det er ingen selvfølge. Det at folket her er så opne og tek så godt i mott innfløttarfolket, det har vorte vår lukke, våre jobbar og vårt liv, sa dei.

Heidundrandes jazzfest

Som lærar ved Vinstra vidaregåande skule, talde Vegard fem tildegare elevar som var med i arrangementsapparatet.

- Dette er eit fantastisk kulturkrettslaup å få vera ein del av, sa han.

Heile festframsyninga vart avslutta med ein heidundrandes jazzfest, med, som Eldar Nilsen sa:

- Verdas raraste jazzensemble.

Her vart Down by the river side spela, eller som det heiter på ekte døl, sitat Nilsen:

- Nemme elven.

Ein nærast fullsett sal applauderte og dansa dei to prisvinnarane ut av salen.

Neste gong trekjer nok Vegard i "spakene" og Jorun slår taktfast med dirigentstaven - igjen.