Desse undersøkingane speglar utviklinga av eit heilt nytt samfunn. Eit samfunn der «likes» og kommentarar er viktigare enn å få skryt av foreldre eller lærarar. Det er eit samfunn som handlar om å stå fram som perfekt, og dele dette livet via sosiale medium. Kommunikasjonen går gjennom elektronikk i staden for at ein snakkar til kvarandre ansikt til ansikt. Det kan sjå ut til at vi er meir opptatte av å dokumentere kva vi gjer, enn å leve. Er det slik at det som blir omtala som «sosiale medium» gjer oss sjølvsentrerte og asosiale?

Avhengig av «likes»

På få år har samfunnet har endra seg mykje. Tidlegare fekk ein kompliment, skryt og andre hyggelege kommentarar direkte frå den som meinte dette, eller fekk det formidla gjennom ein tredje person. I dag, derimot, er det minst like viktig å få denne positive responsen gjennom dei sosiale media. For det er nettopp det ein «like» er, ein rask positiv respons, som bekreftar at du gjer noko riktig.

Dette har utvikla seg til ein ufridom hos mange, utan at vi sjølve skjønar det. Vi publiserer bilete og statusoppdateringar med klare forventningar om respons i form av «likes». Dersom responsen vi håpa på ikkje kjem, kan vi få kjensla av å ikkje vere bra nok, pen nok eller interessant nok. Det er nemleg slik at dess fleire «likes» ein får, dess meir vellykka føler ein seg.

Det oppstår ein slags konkurranse som vi har både med oss sjølve og andre, som handlar om  å få flest muleg «likes». Dette fører til at fleire og fleire samanliknar seg med andre, og dette kan skape eit unødvendig press for mange. Det å sjå at andre personar har fleire «likes» enn deg, gir ein følelse av at andre er mykje betre, penare eller meir vellykka. Mange strevar dermed etter aksept i form av likes, der talet av desse har mykje å seie. Dette er ein evig sirkel som aldri tek slutt dersom vi fortset slik som vi gjer no. Det vil alltid vere personar som har fleire «likes» enn vi sjølve, og vi held derfor fram med å strekkje oss etter «godkjenninga» vi ynskjer.

«Det perfekte liv»

Gjennom sosiale medium kan vi vise både positive og negative sider av livet vårt. Vi har moglegheita til å dokumentere absolutt alt som skjer i kvardagen vår. Fleirtalet av oss vil naturlegvis stå fram på best mogleg måte, og vel derfor å offentleggjere det som er bra og vellykka. På til dømes Facebook florerer det av bilete av ferieturar, festar, julebakst, smilande barn eller vennegjengar. Vi publiserer det som ser mest vellykka ut, utan at det nødvendigvis er heile sanninga. Vi vil med andre ord framstille oss som perfekte.

Det er ikkje berre det som skjer i livet vårt som skal vera perfekt for omverda, men også vi sjølve. Bak eit profilbilete kan det ligge 50 andre bilete som ikkje var «fine nok». Og det stoppar ikkje her. Når ein fyrst har eit bilete ein er nøgd med, kan det redigerast slik at det blir akkurat slik ein ynskjer. Med tidas moderne teknologi er det mogleg å fjerne, legge til, forstørre og minske. Ein kan gjere tennene kvitare, huda solbrun, håret lengre og fjerne ureinskapar i huda. Lista er lang. I dag kan vi retusjere og endre på bilete sjølve, slik som berre fotografar og personar med avanserte program kunne før. Dette gir oss dermed moglegheita til å vise oss fram som perfekte menneske med perfekte liv.

Dette bidreg i sin tur  til å auke krava vi har til oss sjølve når det gjeld det å stå fram som perfekte i sosiale medium. Vi er på evig jakt etter «likes» og nesten uoppnåeleg perfeksjon.

Går glipp av barndommen

Før sosiale medium vart ein naturleg og sjølvsagt del av kvardagen vår, var barn ute og leika, anten med venner eller søsken. Dei var sosiale ved å vera med kvarandre, skape relasjonar og ein verkeleg fellesskap. I dag har mange barn tilgang på elektroniske innretningar som til dømes iPad, datamaskiner eller smarttelefonar, nesten heile døgnet. For mange er det berre tida på skulen som ein ikkje er på sosiale medium i ei eller anna form. Det kan nok vere lettvint for foreldre å gi barna ein iPad som dei kan sitje og spele på, i staden for å invitere ein ven på besøk. Dette er ei enkel løysning som både barnet og forelderen er nøgd med i den hektiske kvardagen mange lever i. Barna har på denne måten «barnepike» og foreldra får anledning til å gjere det dei skal, utan mas frå ungane. Det er også naturleg for barnet å setje seg ned og spele på ei datamaskin når dette er tilgjengeleg i dei fleste heimar. Men dette må vel ha konsekvensar?

Barna er ikkje med vennane sine like mykje som før i tida. Dei sit ofte i kvar sin heim med smarttelefonen sin og kommuniserer på nettet. Ifølgje Barn og medium-undersøkinga og sosialkommunikasjon.no er det sosiale mediet Snapchat svært populært blant dei aller yngste. To av tre 9-10-åringar bruker Snapchat. I staden for å møtast og vere med kvarandre, sitt dei for seg sjølv i kvar si boble. Går barna glipp av barndommen sin?

Berre negativt, eller også mykje positivt?

Sosiale medium har gitt oss ei fantastisk moglegheit til å kommunisere med både privatpersonar, grupper og bedrifter over heile verda. I denne gullalderen av teknologi er det lettare for folk å kunne kommunisere med andre som har same interesser. Menneske kjem til dømes i kontakt med gamle venar eller familiemedlemmar gjennom det populære mediet Facebook. Her er det mogleg å kommunisere i form av privatmeldingar, bildedeling, videosamtalar og mykje meir, på tvers av landegrenser.

Det er også mykje lettare enn før å ytre meiningane sine. Alt frå politiske standpunkt til meiningar om motetrendar kan delas i blant anna diskusjonsforum, nettaviser og bloggar. Sosiale medium har lagt grunnlag for å ytre si eiga meining og fengje dei interesserte. Dette kan skape debatt om tema som er viktige for samfunnet. Eit eksempel på dette er kampanjen #MeToo, som no er i vinden. Dette er ein emneknagg som har vorte brukt sidan oktober 2017 for å motivere fleire til å fortelje om overgrep. Denne aksjonen har fått enorm respons, og ifølgje nrk.no har no fleire tusen kvinner stått fram med sine eigne voldtekt- og overgrepshistorier bak emneknaggen.

Det er altså både positive og negative sider som følgjer av sosiale medium. Eg meiner det er viktig at vi er klar over dette og er bevisste på bruken. Det er fantastisk at vi kan kommunisere med menneske frå heile verda berre ved eit par tastetrykk, men vi må også vera klar over dei negative sidene dette fører med seg. Eg meiner at Facebook og Instagram for ofte blir fyrstevalet, og sykkelturen med bestevennen må vente. For mange ser det ut til at det er viktigare å  dokumentere i sosiale media at ein har det perfekt, enn å faktisk leve her og nå. Gjennom rett og fornuftig bruk er sosiale medium ein flott reiskap. I dag ser det dessverre ut til at alt for mange av oss let ny og spanande teknologi styre oss i ein slik grad at det faktisk gjer oss mindre sosiale og meir sjølvopptatte