Det skal ikkje mykje til for å vera meir synleg i trafikken.

I følgje Statens vegvesen var 39% av alle omkomne fotgjengarar påkøyrt i mørket. Dette kan vi redusere med opptil 85% ved ganske enkelt å ha på oss refleks. Utan refleks kan ikkje bilen sjå deg før han er 25-30 meter unna. Denne lengda blir 16 gonger lengre med refleks. Ei lita refleksbrikke som heng ved jakkelomma, kan føre til at bilen ser deg på 400 meters avstand.

Det viser seg også at fleire brukar refleks på landvegen enn i tettbygd strøk, og refleksbruken i tettbygde strøk bør aukast. Sjølv om det er meir gatelys i byane, er det framleis like hardt å sjå ein person med mørke klede. Slike klede har vorte veldig vanleg den siste tida, spesielt er mørke farger på mote i haust- og vinterperioden. Mange ventar at lysa på bilen skal gjera jobben. Faktum er at utan refleks har ein bil som køyrer 50 km/t, berre to sekundar på å sjå fotgjengaren.

Med refleks får den åtte sekundar ekstra på å bremse eller svinge unna. Gatelys er ein av grunnane til at det blir brukt meir refleks på landvegen enn i byane. Fotgjengarar meiner at det er nok til å bli sett på vegen. Det er det altså ikkje. Sjølv om gatelys er på, er det framleis viktig at du har på deg noko som reflekterer lyset. Gatelys, lys frå butikkar, bilar og bussar konkurrerer med kvarandre og gjer at du blir mindre synleg når du for eksempel skal krysse vegen.

Refleks er lett tilgjengeleg og billig. Det er ikkje ein høg pris ein betalar for å vera sikrare i trafikken. Mange parti og organisasjonar deler dei ut gratis som ein del av sine kampanjar. Det einaste du må gjera, er å ta han på deg. Støtt folk som arbeider med tiltak for betre trafikktryggleiken!

Det blir sett for lite fokus på dette ganske viktige temaet. Sjølv om det finst mange organisasjonar som jobbar med akkurat refleks, er det mange som ikkje har høyrt om kor stor betydning det eigentleg har. Spesielt skolar burde sette dette temaet meir i fokus. Den nasjonale refleksdagen var 15. oktober, likevel er det mange som ikkje fekk det med seg. Mange av skolane markerte ikkje denne dagen saman med sine elevar, som ofte går til og frå skolen i mørket. Både ungdommar, dei som er oftast ute på kveldane, og også vaksne er ikkje klare over kor stor forskjell det kan gjera å ha på seg ei lysreflekterande, lita brikke. Samfunnet burde ha meir kunnskap, spesielt ungdommar, fordi det er dei som skapar nye vanar og det er dei som bruker mest tid ute på kveldane.

Dei som jobbar ute på vegane, veit kor viktig det er å bli sett. Å ha på seg ein refleks er ein del av jobben deira. På same måte burde dette vera ein del av livet vårt. Men fotgjengarar flest bryr seg ikkje så lenge dei ikkje har opplevd ein farleg situasjon. Dei som merkar best kor stor forskjell det er å ha på seg ein refleksvest, er sjåførar. Mange av dei blir sinte eller irriterte når dei ser nokon utan refleks.

Det har dei ein god grunn til. Ingen vil vera ein ufrivillig drapsmann. Altfor mange trafikantar har opplevd nesten-situasjonar, der dei heldt på å køyre på ein fotgjengar.

Dei einaste som kan påverke barn og unge i så stor grad at dei har på seg refleks, er foreldra, som er redde for barna sine. Det er som oftast foreldre som kler på barna. Mange av dei tar på refleks på ungen sin før dei går ut i mørke, fordi dei er bekymra.

Kvifor er det slik at foreldra sjølv ikkje tar på refleks? Det er jo trass alt dei som er forbilda. Etter ein viss alder sluttar barn å ha på seg refleks, og ein av grunnene til det er at dei ikkje har nokon forbilde å følgje. Dei vaksne har mange unnskyldningar. «Eg giddar ikkje», «Eg

skal berre gå på fortauet og det er gatelys» og «eg gløymer det» er dei vanlegaste. Mange meiner også at det er lite kult, ja rett og slett flaut å ha på seg refleksvest. Er det verkeleg flaut å ha på seg noko som kan redde livet ditt? Viss du ikkje gjer det for din eigen del, gjer det i det minste for dei som ikkje ønskjer å bli drapsmenn!

Ein liten refleks kan gjere ein så stor forskjell. Valet ditt kan påverke både sjåførar og andre trafikantar. Ved å ha på seg ein refleks kan ein redde både livet sitt og samvitet til eit uskuldig menneske. Derfor blir refleks kalla ei billig livsforsikring.

Bibliografi:

Braseth, S. (2015, 01 09). an.no. Hentet 10 30, 2017 fra – Det er ikke trendy med refleks.

Eriksen, N. (2017, 10 19). dagbladet. Hentet 10 30, 2017 fra Sju av ti sier at de bruker refleks. Blank løgn, viser ny undersøkelse: - Sjokkerende og uforståelig.

Gjerstad, S. (2016, 10 19). tv2. Hentet 10 30, 2017 fra – Se i helvete å få på refleks!

Lindholm, M. (2016, 08 09). lindholm. Hentet 10 30, 2017 fra Hvordan skrive kronikk.

Trygg trafikk. (2017). Hentet 10 30, 2017 fra Refleksdagen 19. oktober.

Statens vegvesen, s. (2015, 10 15). statens vegvesen. Hentet 10 30, 2017 fra Bli sett- husk refleks.

Wikipedia. (2017, 03 06). Hentet 10 30, 2017 fra Refleks (utstyr).

Mørketid: Refleks reddar liv. Foto: NAF.