«Du må ikke sitte trygt i ditt hjem

og si: Det er sørgelig, stakkars dem!

Du må ikke tåle så inderlig vel

den urett som ikke rammer dig selv!» (Øverland , 1937)

Ingen gløymer vel bileta av ein liten flyktningegut, vaska i land på ei sandstrand i Hellas. Eit daudt barn på flukt, som aldri fekk oppleva fridomen i Europa. Det var kanskje nettopp dette biletet, som rulla over fjernsynsskjermane som fekk folk til å ta inn over seg den menneskelege tragedia, som dagleg gjekk føre seg langs strendene i landa ved Middelhavet. Dette var seinsommaren 2015 og flyktningestraumen frå krigen i Syria hadde allereie vore i gang i fleire år.

Flyktningekrisa i Europa dei siste åra er eit resultat av lidingane som sivilbefolkninga i Syria vart utsette for under krigshandlingane. Talet på flyktningar som tok seg over det livsfarlege Middelhavet, auka veke for veke. Dei fleste valde ruta frå Tyrkia og over til dei næraste greske øyane.

Mange menneske drukna da dei overfylte gummibåtane kantra eller sokk på grunn av overlast. I 2016 drukna 6000 menneske på turen over havet mot Europa, og hittil i år har over 3000 lidd same skjebne. Menneske tilsvarande over det tredobbelte av innbyggjartalet i Sør-Fron, har altså drukna berre dei to siste åra.

Det store talet menneske på flukt førte til at mange land måtte opne grensene sine og hjelpe folk i naud. Det var ikkje berre til Hellas dei syriske flyktningane rømde. Fleire fattige naboland opna grensene sine og sleppte inn syrarar. Libanon, eit land ikkje større enn Rogaland fylke, har teke i mot over 1,6 millionar menneske på flukt og i landsbyar her bor det nå fleire syrarar enn libanesarar. Til Jordan har det kome meir enn 1,4 millionar flyktningar, medan det i Tyrkia bur over 2,5 millionar syrarar.

Tilstrøyminga av flyktningar førte til at ein del statsleiarar gjekk ut med lovnad om å hjelpe. Ein av dei var forbundskanslar Angela Merkel i Tyskland og den svenske statministeren Löfven. Desse to landa var allereie dei som hadde teke imot flest flyktningar, og Merkel meinte at så mange som 500 000 kunne få koma kvart år, for i Tyskland trong dei arbeidskraft.

Den store tilstrøyminga hausten 2015 bidrog til at folk i mottakarlanda byrja å frykte for eiga velferd. I fleire land begynte høgreradikale parti å ta til motmæle mot politikarar som ønskte flyktningar velkomne. I mange land voks det nå fram parti som kom med ei rekkje rasistiske utsegn mot dei syriske flyktningane som strøymde inn i Europa. Asylmottak vart sette i brann og menneske på flukt frå krig, vart banka opp.

Noreg vart også råka av flyktningestraumen hausten 2015. Frå å ta i mot mellom fem og seks tusen flyktningar i året, passerte talet 30 000 ved årsskiftet 2015/2016. Norske styresmakter hadde problem med å handtere den store tilstrøyminga. Mangelen på mottaksplassar førte til at det vart oppretta nye flyktningemottak over heile landet. Fleire stader i vårt distrikt fekk slike mottak, mellom anna Ringebu, Nord-Fron, Sel og Dovre.

I landet vårt skapte den store straumen av flyktningar uro blant folk, og det kom mange hatske utfall på sosiale media og elles. Politikarane var usikre på kva dei skulle gjera og i regjeringa sat Framstegspartiet og viste stor misnøye mot den store innvandringa.

Sylvi Listhaug var raskt ute i media med utsegn som mange meinte ville skape frykt blant nordmenn og hindre ei god integrering. Mange menneske tok godt i mot dei nye borgarane våre. Fleire stadar vart det samla inn klede og utstyr som flyktningane skulle få. Mange var rause og media var fulle av døme på hjelpsame frivillige som brukte både tid og pengar på å hjelpe flyktningane. Det har også kome fram døme på motsette handlingar. Flyktningar fortel om vald, rasisme og andre krenkingar i møte med innbyggjarane i det nye heimlandet sitt.

Resultatet av den strenge asylpolitikken i mange europeiske land, og at grensene no er stengde sørover i Europa, gjer at talet på innvandrarar i 2017 ikkje har vore lågare sidan 1997. I Noreg er det overskot på flyktningebustadar, og mange asylmottak har vorte nedlagde berre sidan nyttår 2017.

Mange mistar arbeidet og kommunane sit att med hus dei ikkje veit kva dei skal gjera med. På den andre sida er det menneske som har store problem og som er på flukt ein eller annan stad, på reise mot ei ukjend og usikker framtid.

Sjølv om innvandrartala i Noreg er relativt låge, har alle jamvel eit ansvar for å ta vare på dei som allereie har fått eller ventar på å få opphaldsløyve. Da dei fyrste innvandrarane kom til Noreg på 60-talet, er det fortald om openbare rasistiske hendingar og haldningar. I desse tilfella vart det utførd krenkingar på open gate, utan at diskrimineringa fekk konsekvensar. No i dag går denne diskrimineringa føre seg meir i det skjulte. Etter innføringa av sosiale media har denne krenkinga vorte vanskelegare å oppdage og spore.

Mykje har jamvel endra seg sidan 60-talet, og det har gått føre seg ei utvikling mot eit meir fleirkulturelt samfunn. Globaliseringa har ført til auka kontakt over landegrensene slik at menneske med ulik etnisk bakgrunn og kultur møter kvarandre.

Det er viktig å tenkje over at denne auka kontakta også vil finne stad i framtida. Eg håper at fordommane og framandfrykta vil vike, fordi dette er ikkje ein farbar veg til eit fellesskap som bør vera prega av toleranse og respekt.

Vi må lære av fortida og ha med oss resten av orda frå Arnulf Øverland sitt dikt «Du må ikke sove», inn i framtida.

«Jeg roper med siste pust av min stemme:

Du har ikke lov til å gå der og glemme!»

A group of Syrians, Afghans and Palestinians has just arrived to the coast of Lesvos. Greece, September 7, 2015. Photo by Anna Pantelia/Depo Photos/ABACAPRESS.COM Foto: Depo Photos