Landbruk er ein stor del av norsk kultur, og derfor eit viktig emne i vår politikk. Alle har forskjellige meiningar om korleis landet vårt skal produsere mat og drive landbruket i framtida. Eg er sjølv oppvaksen på gard, har høyrt mykje om denne politikken og det interesserer meg.

Garden eg bur på er eit typisk norsk gardsbruk med om lag 20 mjølkekyr, 24 oksar og fleire ungdyr. Mange politikarar meiner at det er meire lønnsamt med færre, men mykje større gardsbruk, og derfor vil dei gjerne ha bort dei mindre gardsbruka. Dei meiner økonomien blir betre om det blir slik. Di større, di betre.

Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå januar 2017 viser at 382 961 nordmenn er busett på ein landbrukseigedom. Over 184 407 registrerte landbrukseigedommar. Heilt sidan 1950-åra har talet på gardar gått ned, og om politikarane får det slik dei vil, kjem nedgangen til å fortsette dei neste åra også. Det vil ikkje bli nok pengar å leve av for dei som driv med små gardsbruk. Dette vil øydelegge noko av det den norske kulturen er rikast på, nemleg dei små og store gardane som ligg spreidd utover heile landet.

Ei ny landbruksmelding som kom i 2011 går ut på at vi må auke matproduksjonen i Noreg. Den sa at om 20 år vil vi vere ein million fleire menneske i dette landet, og vi har mange munnar å mette. I spissen for desse utviklingsplanane sit Fremskrittspartiet og Høyre, også kalla den blå-blå regjeringa. Dei meiner at det ikkje vil vere lønnsamt å bevare alle små gardsbruk. Vi må tenkje meir på å produsere nok mat til heile befolkninga, enn å bevare den gamle kulturen vår.

Dei siste åra har bønder over heile landet investert i nye lausdriftsfjøs. Ei lov seier at innan 2024 skal alt storfe vere oppstalla i lausdrift, med unntak for økologiske bruk med ein liten besetning. Fordelane er at dyra har meir friheit til å gjere det dei vil. Den store ulempa er at når kyrne går saman på eit såpass lite areal førar det til mobbing og utestenging blant dyra.

Ku er flokkdyr og det ligg naturleg for dei å ha ein flokkledar. Rangstigen i ein kubesetjing er tydeleg. Er du litt svakare enn dei andre blir du mobba. Fleire av dyra kan være med på å halde ei av kyrne utanfor ved å for eksempel jage ho vekk frå matfatet. Dette gjer at dei går rundt og er på vakt for kvarandre, og førar til at trivselen reduserast. Lite sosial kontakt med menneske kan også påverke mjølkeproduksjonen. Det blir også vanskeleg å få tak i dei ute på beite, og vanskeleg for dyrlegar og klauvskjerarar å behandle dyra.

For ei stund sidan såg eg eit TV-program frå ein storgard i Noreg. Bonden dreiv med ku og ville produsere både mjølk og kjøtt av dyra sine. Inne i fjøset var det god temperatur og kyrne hadde tørre plasser å liggje samt tilgang på mat og drikke døgnet rundt. Dette gjorde at når bonden opna dørene ut til jorder og hamnehagar var ingen av dyra særleg interesserte i å gå utanfor fjøsets fire veggar. For bonden var ikkje dette noko negativt, og eg forstår korleis han tenkjer. Han vil at dei skulle produsere mest mogleg mjølk så han fekk mest mogleg inntekt.

Kua er som andre dyr, født til å være ute i naturen. Kroppen deira jobbar saman med naturen, i alle årstidene. Om det er slik landbruket vil bli, at dyra skal vere inne i fjøset heile livet, kjem kulturlandskapet i Noreg til å gro att. Stiane i vil drukne i gras og skogen vil spreie seg over store delar av landet der dyr ein gong har gått på beite. Du kan kanskje sjå nokon dyr stå utanfor fjøsveggen her og der, men mest sannsynleg vil vi miste det meste av naturen husdyra har satt sitt preg på.

Det kjem turistar til Noreg frå andre land for å sjå vårt kulturlandskap. Dette landskapet er skapt av dyr som går ute på beite. Både på innmark og utmark. Det tek ikkje mange år før landskapet byrjar å gro att, viss dyra ikkje lenger skal ut på beite, og vi risikerer at det kan påverke turismen her til lands.

Eg skjønnar korleis det er for dei som sitt trygt i heimen sin og seier at vi ikkje treng småbruk lenger, fordi dei ikkje veit korleis kvardagen for bønder går føre seg. Eg meiner at folk skulle fått opplevd korleis det er å leve ei god stund på eit småbruk, der du blir knytta til alle dyra og kulturen, før dei kan vere med å bestemme korleis vi skal drive landbruk i Noreg.

Eg meiner at i framtida må det bli meir lønnsamt for bønder å drive småbruk. Bondeyrket er eit svært viktig yrke, og det krevjar hardt arbeid for å pro

dusere trygg mat og drive godt dyrestell. Om vi ikkje klarer å produsere nok, vil vi måtte byrje å importere mat. Den trygge norske maten er svært viktig.

I Noreg er reglane strenge og vi må sikre oss at det vi et er helsemessig trygt. Vi veit ikkje korleis maten vi importerer frå andre land er behandla, og det kan vere fare for å få i seg farlege bakteriar. For å produsere nok mat må vi ta heile landet i bruk. Det er for vårt eige beste.

Bibliografi:

Bjørke, N. T. (2013, November). Bondelaget.

Snelling Bye, A., & Steinset, T. A. (2017, Januar 1). Statistisk sentralbyrå.

Therkelsen, H., & Løkeland-Stai, E. (2014, Mars 6). Dagsavisen.