Ungdomstrinnet i Skåbu

- Som folkevalde skal vi ta ansvarlege, levedyktige og framtidsretta beslutningar

Denne veka har vi behandla budsjett, prioritert og tatt krevjande økonomiske beslutningar, basert på den økonomiske situasjonen i kommunen vår

Varaordførar Anne Sletten (Ap).  Foto: Tone Sidsel Sanden (arkiv)

Meninger

Vi har alle sett det store engasjementet rundt ei eventuell nedlegging av ungdomstrinnet ved Skåbu Oppvekst. Slike sakar vekkjer støtt engasjement. I denne saka fordi det dreier seg om ungdommane våre, om bygda, om nærhet, om identitet og om følelser. Og uansett kva som blir lagt ned i ei bygd, opplever vi det som eit tap. Forslaget frå administrasjonssjefen er tufta på økonomi. Vi har ikkje lenger råd til å drifte to ungdomsskular i Nord-Fron. Og vi har ikkje nok elevar til det heller. Det er realiteten. Tenesteproduksjonen blir for dyr. Vi skal ta ansvarlege beslutninger.

For meg dreier det seg akkurat i denne saken om ikkje berre god økonomi, men god samfunnsøkonomi. Beslutningar som skal vere dei beste for framtida vår, for ungane våre.


Legger ned ungdomstrinnet i Skåbu

Etter en lang kommunestyredebatt ble det flertall for å legge ned ungdomstrinnet ved Skåbu Oppvekst.

 

For det er dei som må stå i fokus i denne saka.

Ikkje dei vaksnes ve og vel, ikkje bygdas ve og vel, men unganes ve og vel. Det er ingen som tviler på at det faglege ved ungdomsskulen i Skåbu er bra. Alle resultat viser at dei skårar svært bra fagleg.

Så er det slik at å vera ein lykkeleg, trygg ungdom handlar om mykje meir enn gode karakterar. Spør ein ungdom i dag om kva som er viktigast for dei: For dei aller, aller fleste vil vener kome svært høgt opp på lista. Og mange, forhåpentlegvis dei fleste, har gode vener og har det bra ved skulen i Skåbu. Men gir vi ALLE ungdommane i Skåbu moglegheita til den rikdommen venskap er?

Eg er skåbygging - fødd og oppvokse i Skåbu, og har gått på skulen der i 9 år. Eg veit kva det vil seie å vere elev i eit lite skulemiljø.

Sjølv om vi den gongen var fire gonger så mange elevar ved ungdomstrinnet enn det dei er nå. Eg veit kor godt det er å vere innafor, og i den tida gløyme korleis det er å vere utanfor. For så å bli utanfor att og ikkje ha nokon andre å stø deg på - fordi det ikkje ER nokon andre der. Eg veit korleis det er ikkje å ha moglegheit til å velge vener- i ei så viktig brytningstid der interesser og behov nærast endrar seg frå dag til dag. INGEN fase i oppveksta er det vel viktigare å vere trygg i det sosiale miljøet, å kunne finne deg nokon andre å være saman med når livet elles endrar seg.

Vi har indikasjoner på at det psykososiale skulemiljøet i Skåbu ikkje berre er rosenraudt.

Vi har klare vitnesbyrd gjennom konkrete handlingar frå foreldre og ungar som har tatt det uhyre tøffe valet å bryte ut av eit klassemiljø, av eit bygdemiljø, for å gi ungane sine ein betre skulekvardag. Desse historiene må ein ta på alvor. Vi veit at det psykososiale miljøet også andre stader, på andre skular er utfordrande. Men sjansen for å finne nokon ein klaffar med er monumentalt mindre på ein så liten skule. Sjansen for å bli den eine aleine - på utsida - er uhorveleg mykje større.

Og dette handlar ikkje om Skåbu. Om bygda. Om dei som bur der. Bygda og folket der er ikkje unike eller annleis enn andre.

Det eg vil fram til er at dette handlar om ein dynamikk som oppstår når det blir for få å vende seg til, når miljøet blir så lite.

Skuletilbodet blir brukt som argument for at folk skal flytte til bygda. Og vi veit at det finst dei som har vektlagt mellom anna skuletilbodet når dei har vald å flytte til Skåbu. Men vi veit også at det er dei som har vald å ikkje flytte til Skåbu på grunn av skulen, og frykten for at det sosiale miljøet skulle bli for lite for deira barn. Bulyst heng saman med skuletilbodet. Ja. Og det kan vinklast også på denne måten.

Det er ikkje nødvendigvis slik at nedlegging av ungdomstrinnet fører til redusert vekst for Skåbu.

Eg meiner også at å nytte oppretthalding av ungdomsskulen som argument for å oppretthalde næring, og omvendt, i denne samanhengen er eit sekundært argument. Folka skal fortsette å bu i Skåbu, kanskje fløtt det fleire til. Næringa vil fortsatt kunne nyttast både av Skåbu oppvekst og elevar ved ungdomsskulen. Skåbu vil fortsatt ha sine unike eigenskapar. Det gjeld å fortsette og nytte det potensialet som ligg i fjellbygda.

Skåbu Oppvekst er Noregs fyrste entreprenørskapsskule. Nord-Fron sit med landets fremste kompetanse på entreprenørskap i skulen.

Ikkje berre dei seks elevane i Skåbu, men alle ungdomsskuleelevar i kommunen vil og skal få lik glede og nytte av denne kompetansen.

Eg innleia med at vi skal ta ansvarlege beslutningar. Eg meiner at eit vedtak om nedlegging av ungdomstrinnet i Skåbu, er ei framtidsretta og ansvarleg beslutning. Det er god økonomi og det er god samfunnsøkonomi.