- Administrasjonen i kommunen vil gjerde inn store delar av framtidsspisskammerset vårt

I 2017 vart Nord-Fron Kommune kåra som årets beitebrukskommune.

Anne Ragnhild Korsvold Saglien frå Kvam kastar seg inn i debatten omkring gjerdereglar i Nord-Fron kommune.  Foto: Tone Sidsel Sanden/arkivfoto

Meninger

Det er ein framtidsretta utmerkelse å vera stolt av.

I 2019 snaut 2 år seinare opplever vi at administrasjon i kommuna ikkje vøl denne utmerkelsen, heller tvert imot.

I 2011, gjekk beitenæringa, under tvil, med på at det skulle bli lovleg med 200 m2 inngjerding rundt fritidseigedomar. Dette for å vera greie og imøtekomande. I 2013 opplever vi at kommuna utan vidare utvider dette til 300 m2.

Nå foreslår administrasjon i kommuna at dette dobles til 600 m2!

Det er totalt respektlaust og fryktelig – fryktelig frekt.

Det er overhode ikkje bærekraftig eller framtidsretta handling.


Nye gjerderegler i Nord-Fron kommune - dobler arealet

Et forslag om nye gjerderegler for hytteområder i Nord-Fron, er sendt ut på høring.

 

Vi treng ikkje gå lenger attende en til sist sommar, da det var tørke i bygda, jorder og beiter vart brunbrente. Vi trong kvart eit strå på fjellet for maksimal beiting så lenge som mogleg frå tidleg sommar til seine hausten. Det kan bli dårlige somrar også på fjellet med dårleg tilvekst, desto større områder trengs dersom vi kjem i ein slik situasjon.

Vi veit ikkje korleis verda blir i framtida, men mykje kan tyde på at meir lokal sjølberging vil bli aldeles naudsynt. All dyrka jord i bygda må brukast til å dyrke folkemat og for til husdyra. Og alt av tilgjengeleg utmark må nyttast til beiting.

I forhold til varsla komande klimakrise der eit av tiltaka skal være at særleg storfe skal produsera mindre klimagass. Da må dei produssera på mindre kraftfor. Det vil bety at det må til fleire dyr, både storfe og sau, for å få nok mjølk og kjøtt. Alt utmarksbeite trengs.

Det undrar meg stort at folk har så store skylapper at dei ikkje evnar å sjå at dei skaffar seg fritidsbustad i eit beiteområde, og da må påregne at det til tider vil opphalde seg beitdyr i nærmiljøet. Det er positivt at beitedyra beiter ned gras og rydder terreng. Dersom dei for beite i fred til dei er ferdige med eit område, fløt dei seg til ein annan plass.

Dersom alle gjerder inn sine eventuelle lovlege 600 m2 blir det veldig mykje til saman, over 1000 mål kan da bli fråstengd frå beitedyra. Det er ein ganske så gild gard i Gudbrandsdalen, og betydelig matauk for husdyra.

Administrasjonen meiner at å doble mengde inngjerding på fritidseigedomar vil virke konfliktdempande, tvert i mot, vi risikerer auke i konfliktar. Hadde det ikkje vore meir naturleg å oppmoda til at eigarar av fritidseigedomar må innrette seg etter gjeldande reglar og rammer?

Vil virkeleg administrasjon i Nord - Fron Kommune bli av dei som får ettermæle som den som trampar hardast på beitenæringa?