Olav Røssum (6. kandidat Sp Innlandet): - Difor må vi ved lokalvalet i haust støtte parti som vil ha ei anna utvikling i Distrikts-Noreg

Vi skal snart velja dei som skal styre i lokaldemokratiet vårt dei neste fire åra.

Olav Røssum er nestleiar i Oppland Sp og stiller som 6. kandidat for Sp i Innlandet.  Foto: Tone Sidsel Sanden/Arkiv

Meninger

For å kunne styre utviklinga i eit samfunn må dei folkevalde både ha verkemiddel og vera viljuge til å bruke dei. Det gjeld i alle delar av landet, både i by og bygd.

Dagens regjering fører ein politikk som fører til at viktige tenester blir flytta frå distrikta. I tillegg prioriterer regjeringa å bruke offentlege budsjettmidlar i sentrale strok, i langt større grad enn i distrikta. Verkemidla som kan brukast for å styre utviklinga i store delar av Noreg blir såleis både færre og reduserte. Dette skjer både gjennom strukturelle endringar og økonomiske prioriteringar.

Resultatet er at det på stutt tid, med aukande fart og kraft, blir store negative endringar i distrikts-Noreg.

Stortinget er ikkje på val denne gongen, men fleirtalet på Stortinget og regjeringa påverkar i svært stor grad lokalpolitikarane sitt handlingsrom. Sentraliserande politikk både nasjonalt og lokalt er dobbelt ille.

Difor må vi ved lokalvalet i haust støtte parti som vil ha ei anna utvikling i distrikts-Noreg enn den som regjeringspartia sin politikk fører til.

Senterpartiet vil ha ei anna utvikling. På same måte som ein i dag bruker kraftige verkemiddel for å styre og styrke utviklinga i byane vil Senterpartiet gjera det i bygder og distrikt. Vekst og utvikling i bygdene må bli eit like viktig statleg mål som det er i byane. Det er nødvendig både for å løyse klima-utfordringane og for å få til eit grønt skifte.

Senterpartiet har varsla at partiet i kommande statsbudsjett vil setja av 12 milliardar som statlege bidrag til avtaler mellom Staten, kommunar og fylkeskommunar.

Private aktørar kan også vera ein part i slike avtaler.

Avtalene skal sikre at det blir gjennomført tiltak; som samferdselstiltak, kompetansetiltak, næringstiltak og andre. Avtalene skal gjelde dei delane av landet der det er behov for å styrke næringslivet sine rammevilkår. Det vil gi betre vilkår for nyetableringar, trygging av arbeidsplassar og auka folketal i distrikts-Noreg.

For Hedmark og Oppland er det avgjerande at den nye Innlandet fylkeskommune får rammevilkår som gjer det mogleg å legge til rette for vekst og utvikling i alle delar av fylket. Slike «bygde-vekstavtaler» mellom statlege og lokale aktørar vil vera viktige for å få til det.

Etter same modell som «by-vekstavtaler», som alt er innført, vil dei vera eit kraftfullt verkemiddel for å snu ei negativ utvikling. Skreddarsøm av ulike tiltak, for å løyse lokale utfordringar, skal gi auka næringsaktivitet.

Innlandet har mange område med lokale fortrinn som kan utviklast. Desse har eit stort potensial, men utvikling av dette krev ein målretta næringspolitikk. «Bygdevekst-avtalene» skal bidra til gjennomføringskraft for å nå langsiktige mål. Betre fylkesvegar i Solør, breiband-utbygging i Valdres, nye industriområde i Gudbrandsdalen, og reiselivssatsing i Nord-Østerdalen kan vera eksempel på tiltak som slike avtaler kan sikre gjennomføringa av.

Ei slik liste med satsingar i Innlandet kan, og bør, bli lang.

Det krev ein nasjonal politikk som samhandlar med lokale utfordringar og prioriteringar. «Bygdevekst-avtaler» vil vera eit godt verkemiddel for å få det til.