Sør-Fron Bygdalista

- Bygdalista er for heile kommunen

Kanskje er det også slik at erfaringsbakgrunn og alder til kandidatane er vel så viktig som geografi, skriv Odd Midtlien i Sør-Fron bygdaliste.

For alle: Historikken vår gjennom snart to periodar, viser også at vi ikkje er noko «kretsparti», skriv Odd Midtlien, leiar i Sør-Fron bygdaliste.   Foto: Silje Josten Lien/illustrasjonsfoto

Meninger

Fleire har uttrykt skepsis til at dei aller fleste av listekandidatane våre bur i Harpefoss krets. Eg trur kanskje ikkje ein bør sjå seg blind på kor kandidatane bur i kommunen. Det som er viktigare, meiner eg, er innhaldet i programmet vårt. Det er eit program for heile kommunen, og dette programmet er dei som blir valde inn, forplikta på.

Kanskje er det også slik at erfaringsbakgrunn og alder til kandidatane er vel så viktig som geografi. For BL sin del er iallfall spennet på dette punktet svært stort. Historikken vår gjennom snart to periodar, viser også at vi ikkje er noko «kretsparti».

Vi i BL er likevel leie oss for at vi ikkje greidde å få med oss folk frå alle delar av kommunen. Vi prøvde hardt, men måtte gi opp. Eg vil trekkje fram nokre av sakene vi vil prioritere i neste 4-årsperiode.

Eigedomsskatten har vore ei av fanesakene våre i dei to periodane vi har vore med, og BL har kjempa for få ned denne skatten. I komande periode er målet vårt å få han redusert til 3 promille. Det langsiktige målet vårt er å få denne usosiale skatten bort.

Bygdalista er garantist for at båe skulane i kommunen skal bestå, og vi vil innføre eit dagleg, gratis skulemåltid for elevane.

Samferdsel. Bygdalista vil arbeide for å få ein samanhengande gang- og sykkelvegen langs Gudbrandsdalsvegen til Vinstra. Vi vil prøve å få fjerna bomstasjonen ved Pynten og få ned farten på Baksidevegen. Til slutt vil eg nemne at vi prioriterer omsorgssektoren svært høgt. Gamle og pleietrengande skal vera trygge på at dei får hjelp når det trengst anten det skjer heime eller på institusjon. Mottoet vårt er: «MED HJARTE FOR BYGDA». Det vil vi gjera vårt beste for å leva opp til.