Økonomien i Nord Fron kommune er i ubalanse

Som ordførarkandidat for Sp vil eg ha ein strammare økonomistyring i åra som kjem.

Kommunehuset i Nord-Fron.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Meninger

I 2017 vart det budsjettert med ca 10 millioner i underskott. Resultatet vart 11 millioner i minus. Sp sitt alternative budsjett gjekk i balanse. I tillegg var det eit overforbruk på ca 8 millioner. Ein lågare pansjonspremie til Klp enn budsjettert, redda desse millionane.

For 2019 er det budsjettert med eit resultat på ca 3 millioner i pluss. Dette er alt brukt ifølge admsjef Sandbu, p.g.a.meirforbruk innen forskjellige tjenesteområder. Fleirtalet,Ap og H har lagt inn 55millioner i nye lån for 2019. Kloakk/vatn Kvamsfjellet vil koste 15millioner meir enn forutsatt.

Senterpartiet hadde i sitt budsjettalternativ for 2019 eit langt lågare låneopptak. Vi vil fortsatt ha Helsestasjon og nytt til psykiatrien ved legesenteret. Renovering av dagens helsestasjon vil vera billigare enn nybygg ved Vinstrahallen.

Senterpartiet støtter omstillingsarbeidet i kommunen. Færre leiare og reduksjon innan administrasjon er naudsynt for å styrke økonomien. I tillegg er reduksjon i lånegjelda heilt avgjerande for at kommunen skal kunne tilby gode tjenester framover. Lånegjelda går opp til 550 millioner kr i 2022 = 100 000 kr pr innbygger.

Sp vil ha ned lånegjelda 50 millioner i stelle for opp 50 millioner i perioda.  100 millioner kr mindre gjeld utgjer ca 6.5 millioner kr mindre i renter og avdrag i året = ca 10 årsverk.

Nord Fron kommune vil i 2022 betale 44 millioner kr i renter og avdrag i følge økonomiplan 2019 - 2022.

Som ordførarkandidat for Sp vil eg ha ein strammare økonomistyring i åra som kjem. Lovpålagte oppgaver må ha 1.prioritet. Særleg eldreomsorga vil krevja meir ressursar framover, p.g.a. vekst i antall eldre i kommunen og fordi dei har for lita bemanning i dag.

Som eventuell ordfører, vil eg nok vera meir på linje med tidlegare ordførar Stenseng,når det gjeld bruk av "pæng"