Odd Midtlien (Bygdalista): Valet i Sør-Fron

Viss du ikkje vil ha endringar i skulestrukturen i neste 4-årsperiode, bør du stemme på Bygdalista eller Raudt.

Kommunehuset på Sør-Fron  Foto: Dølen/Arkiv

Meninger

Viss du ikkje vil betale meir i eigedomsskatt, er Bygdalista det sikraste kortet. Denne konklusjonen kan ein trekkje etter ein svært tam, politisk debatt onsdag.                      Verken AP, SP eller H ville garantere at det ikkje kan bli endringar i skulestrukturen i komande periode - sjøl om elevtalet er tilfredsstillande ved båe skulane. Det kan sjå ut til at enkelte framleis drøymer om ein sentralskule. Det er i såfall heilt urealistisk.  Bygdalista er det einaste partiet som vil setja ned eigedomsskatten dei neste 4 åra.