Røssum (Sp): - Lånegjelda er ikkje redusert

Senterpartiet har difor gått i mot nye investeringsprosjekt som vil auke gjelda ytterlegare.

Kommunehuset i Nord-Fron.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Meninger

Terje Sørlie, frå Nord-Fron Arbeiderparti, meiner at Senterpartiet kastar stein i glashus når vi seier at det i åra framover er nødvendig å redusere Nord-Fron kommune si gjeld, og ikkje ta opp nye unødvendige lån. Han meiner det ikkje går an å si noko slik når vi har støtta utbygginga på Sundheim og andre prosjekt.

Nettopp fordi Nord-Fron kommune dei siste åra har gjort store investeringar er det nå nødvendig å betale ned på den høge gjelda som kommunen har, og ikkje ta opp nye unødvendige lån.

Senterpartiet har difor gått i mot nye investeringsprosjekt som vil auke gjelda ytterlegare.

Sørlie skriv også at kommunen si gjeld dei tre siste åra er sletta med 200 millionar kroner. Det er vanskeleg å forstå korleis han har kome fram til det. I januar 2015 var lånegjelda 427 millionar. I januar 2019 var den 510 millionar. Arbeiderpartiet har i tillegg vedtatt ein økonomiplan som inneber ein ytterlegare auke. Etter den vil gjelda i 2022 vera 555 millionar.

Det er heilt nødvendig å redusere gjelda. Med mindre lånegjeld vil kommunen kunne bruke meir av sine driftsinntekter til drift av barnehage, skular og eldreomsorg. Det er særleg viktig når vi veit at driftsinntektene blir lågare i åra som kjem. At Arbeiderpartiet ikkje ser det er urovekkande.