Sletten (Sp): - Dårleg opplegg av kommunen

Når valdagen nærmar seg og alle som har brukt all fritida si siste månaden på program, møter, kunnskapsløft, stands, og mykje meire kjenner det på kroppen blir små ting store.

Kommunehuset i Nord-Fron.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Meninger

Som leiar av Nord-Fron Senterparti er eg der. Og når du står å bakar kjeks til Byfest natt til laurdag, fordi du ikkje vil dele ut gratis vaflar på stand, for da tek du frå dei som skal tene nokre kroner potensielle kundar, blir «premiert» med det eg tykkjer er dårleg opplegg av kommunen, så mister ein gnista. 

Dei to siste valkampane som har vore når vi har hatt Byfest har vore ryddige og fine. Alle parti har, som i år, fått beskjed om kvar vi skulle stå. Og alle har vore på anvist plass. 

At det kjem ein ny mail, som ikkje inneheld ordet stand, men at vi før og etter opplegget ved Handelsparken bør vera synlege i bybildet tek vi som ein invitasjon til å gå rundt å prate med folk. Ikkje ha stand heile dagen, for det var vi frå kommunen invitert til å ha ved Handelsparken. 

Små ting? Mogleg. Uheldig frå kommunen si side? Ja. 

Så til dei viktige tinga, politikken vi skal fylgje i Nord-Fron dei neste 4 åra. 

- Vi har snart ei lånegjeld som tilsier 100.000 pr. innbyggjar. 

Dette tykkjer vi i Senterpartiet er mykje og kunne tenkt oss å brukt pengane dette kostar på stillingar på td fleire ansatte i helse og omsorg.

Å byggje nytt doktorkontor når vi har eit som berre er nokre år, er noko vi meiner vi ikkje treng.

- Vinstra vidaregåande er viktig, og vi har med oss fylkespartiet på at vi skal ta vare på den.

- Arbeidsplassar er viktig. Vi har fått nokre nye dei siste åra, men viktig å ta med i den rekneskapen alle som har mista arbeidet og. 

- Drift på små og mellomstore bruk er viktig for landbruket i kommunen. 

På Sødorpfjellet er det seterdrift på fleire setre og vi tykkjer det å leggje eit nytt hyttefelt mellom desse ikkje er tenleg for seterdrift og beitedyr.

- Vi ynskjer å få inn att utvalet Landbruk, Utmark og Miljø. Dette fordi Senterpartiet tykkjer landbruk er ei viktig næring i kommunen. Og dei som har vore med i utvalet har ei interesse for landbruk spesielt.

- Vi ynskjer å behalde alle dei 4 barneskulane våre dei neste 4 åra. 

- Vi ynskjer at 1. og 2. klassingane skal ha fri ein dag i veka. Dette for dei som arbeider td turnus og ynskjer ein dag saman med ungane, før arbeidshelg td.

Politikk er noko mange meiner mykje om,og den vil prege kvardagen for alle dei neste åra. 

Hugs å ikkje klag på dårlegare tenester, viss du er med å seier ja til mykje meire lånegjeld. Gjeld skal betales, av pengane våre.

Godt val!