Nett og telefon i 2019

For nokre dagar sidan vart eit hus totalskadd i brann på Dalseter i Espedalen i Sør-Fron kommune.

Sør-Fron kommunehus.  Foto: Dølen/Arkiv

Meninger

Fasttelefonen finst ikkje meir, men heldigvis virka mobilnettet denne dagen. Brannmannskap frå Skåbu vart varsla og kom på plass.

Innimellom opplever reiselivsbedriftene og innbyggjarane i Espedalen at det mobile nettet er nede.  Da kan ingen ringe, og ingen kjem på nett.

Reiselivsbedriftene fortel at dei innimellom må reise til Skåbu for å oppdatere både bookingsystem, varebestilling, bank, m.m. Når det er mange brukarar på 4G-nettet blir det verre enn nokon gong.

Bedriftene opplever situasjonen som sterkt konkurransevridande, kostbar og tvert gjennom vanskeleg.

Gjennom 2-3 år er det arbeidd med løsning med nettleverandør - utan å komme i mål på noko vis.

Espedølane gir ikkje opp så lett, men ingen kan da meine at dette er greit?

Espedalen er eit viktig område for Sør-Fron - både når det gjeld busetting, næringsliv, arbeidsplassar og aktivitet.

Vi vil definitivt ikkje ha det slik.

Ein gong i tida sørga staten for strøm og telefon til folk.

Svært mykje av ansvaret er nå flytta over til fylka og kommunane - eit ansvar innbyggjarane, fylka og kommunane strengt tatt ikkje har. Det er tross alt eit heilt land som skal digitaliserast, og «det digitale klasseskillet» må mange kjenne på i lang tid framover.

Den statlege andelen i spleiselaga må aukast, og godt nett må bli like tilgjengeleg for alle som strøm.

Dette må Stortingspolitikarane ta på alvor!

Eg vil med dette invitere politisk leiing i Samferdselsdepartementet til Espedalen slik at alle kan oppleve korleis dette er!

Ole Tvete Muriteigen

Ordfører Sør-Fron