Barn og skjerm – er det smart?

Diskusjonen breier seg stadig om barn og skjermbruk. Det siste er at Lillehammer kommune har vedtatt å ikkje dele ut laptop til dei minste elevane, slik det var planlagt, men det var vel av hensyn til budsjettet.

Meninger: Siri Teige er uroa for skjermbruk hjå små barn.  Foto: Berit Roald/ SCANPIX

Meninger

Av Siri Teige, Vinstra

Kommunestyret i Stavanger har innført mobilforbod i skolen, og 1. – 4. trinn der får ikkje lenger eigen PC. Digitaliseringsminister Nikolai Astrup sa at barn ikkje treng smarttelefon før dei er 13 år. Han foreslo at dei kan ha telefon til å ringe og sende meldingar. Da erta han på seg IKT Norge.

Er det lettare å lære å skrive på skjerm enn på papir? Det er lettare for små fingrar å trykke på ein tast enn å forme ein bokstav med blyant. Men var det ikkje noe med at det er lettare å hugse det ein har forma med fingrane?

Om det er slik at barn blir avhengige av skjerm – og det veit vi – så påfører skolen ungane noe dei blir avhengige av.

Boka «Glow kids» av Nicholas Kardaras fortel om ein psykolog som driv avvenningsklinikk for nettavhengige barn i USA. NRK sendte for ei tid sida eit TV program om nettavhengige barn, det var laga blant anna på grunnlag av den boka.

Dei som utvikler dataprogram for barn, sender sine eigne barn på private skular utan IKT på pensum.

Det amerikanske helsedepartementet har kome med tilråinger for skjermtid for barn. Null tid for barn mellom null og to år – inkludert TV, video og nettspill. Og den amerikanske barnelegeforeningen har sett grensa til ein time pr dag for 2-5 år gamle barn. Det er på grunn av den viktige hjerneutviklinga i denne perioden, fortel Annika Melinder, professor i utviklingspsykologi ved Universitetet i Oslo.

Verdens helseorganisasjon (WHO) har tilrådd at barn under to år ikkje bør sjå TV. Dette skriv Torstein Norum Bugge om i TEK.no

Det blir da tre ting å tenkje på:

1 Avhengigheit.

2 Innhald på internett som ikkje er egna for barn.

3 Utviklinga av hjernen hos småbarn.

Så får vi tenkje på det kjende sitatet: «Det er håpløst, og vi gir oss ikke»