Dette har gripe inn i liva våre på ein djuptgåande måte

Det er uverkelege dagar for oss alle.
Meninger

Arbeidsplassen er i eige hus, ungane våre har skule ved kjøkenbordet, studentane blir kalla heim, alt vi såg fram til av selskap, festlegheiter og arrangement, er avlyst. Gatene er tome. Dette har gripe inn i liva våre på ein djuptgåande måte. Det gjeld for kvar enkelt av oss, det gjeld for heile verda. Vi er alle i same situasjon. Det er uverkeleg.

Denne våren hadde eg mykje å gle meg til. Eg skulle på lokalavisene sitt landsmøte, på Skup-konferanse og på samling med alle Polaris-avisene. Her skulle eg fortelje om alt det vi i Dølen har jobba med i året som har gått, eg skulle gle meg over over kor mykje vi har fått til. Så vart alt avlyst. I mai har eg konfirmant. Planar er lagt, innvitasjonar ligg klare. Nå kan det bli uttsett til hausten.

Eg veit det er mange som har det som meg. Vi menneska er laga slik; vi legg planar, ser framover, vi finn alltid noko å stunde på. Det gjer godt det, å ha eit mål, å ha dagar som kan gje pusterom og påfyll. Nå er alt sett på vent. Det gjer noko med oss. Vi kjenner på det usikre som ligg i tida som ventar. Slik er det for alle. Vi er i eit fellesskap.

I vår digitale tid er problema at vi treffast for sjeldan, vi er for lite sosiale, for opptekne av telefon og dataspel. Aldri har eg vore så glad for digitale hjelpemiddel enn eg er i dag. Med heimekontor møtast redaksjonen over nettet, kanskje litt bustete, nydusja, i collegegenser og treningsbukse, klare for ein ny, annleis arbeidsdag. Skuleelevane våre også; så heldige dei er, som har så godt digitalt tilbod, at skulekvardagen kan fungere om ein ikkje møter fysisk.

Så blir dette ei påminning, kanskje, om at vi trass alt er best i lag, i selskap med andre. Det er når vi ikkje kan treffast, at vi kjenner på saknet etter å vera saman. Det vil vi hugse på når alt dette er over. At både gode og vonde opplevingar bør delast med andre i same rom. I desse dagar står vi i hop om det trasige, det vonde og det usikre. Felleskapet kjenner vi, og det er viktigare enn nokon gong. Så mange vil frykte framtida. For fleire av oss kan tida vi er inne i, føre til endringar. Bekymringane kan lett ta overhand. Det er da det gjeld å heie på kvarandre. Gode ord, støtteerklæringar, positive beskjedar - desse bør sitte lausare enn nokon gong.

Vi må stole på at dei som styrer landet vårt gir oss gode vilkår framover, at det kjem midlar til å kome seg over kneikene. Heile samfunnet vårt vil bli påverka av dette. Det kjem til å bli utfodrande.

I Dølen denne veka, både på nett og på papir, speglar vi kva dei siste dagane har gjort med lokalsamfunnet vårt og dei som held til her. Det handlar om enkeltmenneske. Og alt som bur i den enkelte. Det er ein annleis kvardag for oss alle nå.

Vi står i det - i fellesskap.

Tone Sidsel Sanden

Redaktør og daglig leiar i Dølen