Muriteigen om skadefelling:

- Vi forstår at det kan vere vanskeleg med helikopter på barmark, men ikkje i dette området, nesten utan ei buske

25 deltakarar frå det interkommunale skadefellingslaget, jegerar frå Østerdalssida og 5 hundar deltok i skadefellingsforsøk etter ulven i Vulufjell i august. Oppsummert handlar innsatsen om 1620 registrerte timar, 8361 kilometer og ein totalkostnad på 470 000 kroner, skriv Ole Tvete Muriteigen.
Meninger

30 beitedyr vart dokumentert drept av ulv i Vulufjellet i august. I all hovedsak over tregrensa i høgfjellet.

Rundt 4 000 dyr var på beite i dette flotte og beiteprioriterte området da, og skadepotensialet var derfor svært stort.

Ulven vart observert 2 gonger i området, og jegerane hørte ulven om natta. Ein beint fram fortvila situasjon.

Området er av dei finaste eg veit i Rondane nasjonalpark, men også av dei mest utilgjengelege. Gåavstanden er minst 2 timar etter å ha parkert bilen, og uttak blir langt frå effektivt. Heldigvis kunne nasjonalparkforvaltninga gi lov til å kjøre ATV innover eit stykke.

På grunn av alt dette vart det søkt Miljødirektoratet om bruk av helikopter 11. august. MD sa nei.

Etter oppmoding frå jegerane ringte vi MD sin beredskapstelefonen laurdag 15. august for å be om ny vurdering. Nytt nei 17. august.

Klage gjekk til departementet via MD 18. august.

Med utgangspunkt i klaga ba eg om møte med Statsråden i KMD 18. august. Da var mannskap på plass i fjellet, tilgjengelege på bakken, og ulven var der.

Vi er heldige som har jegerar som stiller opp, men vi må hugse at alle har jobb, og det er vanskeleg å få ut nok folk i veka.

25 deltakarar frå det interkommunale skadefellingslaget og jegerar frå Østerdalssida og 5 hundar deltok i skadefellingsforsøket. Alle fortener stor takk for innsatsen, som oppsummert handlar om 1620 registrerte timar, 8361 km, og ein totalkostnad på 470 000 kr. I tillegg kjem noko kostnad for kommunane og betydeleg kostnad for tidlegsanking.

Dyra si liding og frustrasjon og sinne hos dyreeigarane er vanskeleg å talfeste.

Ordførar i Ringebu, Arne Fossmo, og eg fekk møte departementet 8. september.
Da var ulven var for lengst borte, men vi håper vi fekk gitt nye opplysingar som kan påverke det som må skje framover.

Vi forstår at det kan vere vanskeleg med helikopter på barmark, men ikkje i dette området nesten utan ei buske.

Helikopter er utvilsamt meir effektivt i kombinasjon med lokalkjente jegerar på post, enn berre jegerar og hund. Da må det prøvast ut.

Skal det vere mogleg å halde fast ved rovviltforliket, ta det på alvor og sikre brei respekt og forståing, treng vi meir effektive verktøy i denne type situasjonar og i denne type område.


Klima- og miljøminister Rotevatn besøkte beitebrukarar: - Vi er ikkje heilt der vi skal vera ennå

Fåvang gjeterlag fekk besøk av ministeren etter at ferske tapstal for rovdyr nå syner ein positiv trend. Gjeterlaget organiserer beitebrukarane i Fåvang austfjell, der dyra kvar sommar hentar fôr tilsvarande 3100 rundballar.



Miljødirektoratet sier nei til bruk av helikopter under ulvejakta i Vulufjell-området

Sør-Fron kommune har søkt om bruk av fellingspersonell i helikopter for å effektivisere pågående fellingsforsøk på ulv.