Arven etter Trond. Vår beste ambassadør

Til minne om dølarockens far.

Trond, utslått med armane, som han ville omfamne heile dalen, som han var så glad i.  

Meninger

– Sjå utover dette landskapet. Dette må vera midt i verda.

Trond og eg hadde parkert bilen langs vegen opp til Skåbu. Eg fekk han til å stille seg opp uti grøftekanten. Utsikta var fin her, fann vi ut, både nord- og sørover dalen. Med breitt glis og med armane utslått i vidt vingespenn, vart Trond festa på filmrullen.

Her var han midt i verda.

Vi hadde sett oss i bilen ei stund før, med mål om å finne dette midt i verda. I Dølen skulle vi starte ei ny spalte, der vi ønskte å engasjere folk og sette fokus på aktuelle tema. Målet var å reise ut for å treffe folk og få dei i tale som ikkje vanlegvis var så mykje i avisspaltene. Vi valde å kalle spalta «Midt i verda.»

Og det var her Trond kom inn. Da vi skulle finne tittel på denne spalta, inspirert av ei avis i Stockholm sin «På torget», var Trond og Baksia naturleg å vende seg til. Torg hadde vi ikkje så mange av i Midtdalen, men vi hadde noko anna, noko heilt spesielt og ekte.

Trond var med - han tykte det var ei ære at lokalavisa ville bruke ein tittel på ein Baksia-låt, «Midt i ver´n», på denne spalta.

– Det er viktig å få folk i tale, og få folk i bygdene til å skjøne at dei kan bidra og påverke. Vi må alle ta ansvar for dei rundt oss, og det som er rundt oss, sa Trond til meg.

Han var ikkje vanskeleg å få i tale. Eg hugsar kor ivrig han vart da han prata om midtdalsriket og om folket som bur her.

Det var så ekte, det engasjementet.

Vi prata om det å vere stolte over plassen vi kjem frå, om å kjenne tilhøyre og opplevinga av å bu midt i verda. Ingen kunne prate meir truverdig om nettopp dette enn Trond. Ein ekte dølagut, med føt´n trygt nedpå jorda. Han brukte mikrofonen til å formidle denne stoltheita, og vi andre, vi song med av full hals «...e væt kå e står for...».

Trond skapte fest og moro. Dansefoten gjekk lett over parketten da Baksia spelte opp og Trond si karakteristiske stemme fylte lokalet.

Men det som dølarockens far sto for, var meir enn ein fest på lokalet.

Han song på ekte døl. Ikkje tilgjort, berre enkelt, fritt for store ord. Å vere ein landsens sjel var nok for Trond - og han fekk oss andre til å tru på det same. Det var meir enn nok. Gjennom fleire tiår song Trond om dette. Dei før meg voks opp med songane, min generasjon har spelt dei oppatt og oppatt, og neste generasjon gjer det same. Og Trond sto like gjerne i ein gymsal framfor barneskuleelevar, som på scenen på Folkets hus - og elevane song med.

Det er ganske fantastisk.

Innimellom Justin Bieber og Kygo, er Trond Halle: «..e e n ekte dølagut». Slik blir vi minna på kor vi kjem i frå, kva vi står for og kva for verdiar vi har med oss. Ein treng ikkje fine torg, eller vere i New York for å vere midt i verda. Det kan også vere i baksida, eller ein stad nokre meter frå Laugen.

Så satt vi bilen, Trond og eg den gongen. Trond fortalte om korleis låten «Midt i ver´n» vart til. Han hadde sett seg lei på at forståsegpåarar og ulike media såg på alt frå eit storbyperspektiv.

–Det er viktig å få fram at det faktisk kan skje eitt og anna på bygda som er viktig også, meinte Trond. Men å føle at ein er midt i verda, akkurat der ein er nå, er ikkje det same som å tru at ein er åleine i verda, sa han.

Trond meinte det var viktig å ta vare på identiteten, men også å sjå andre og utover seg sjølv og sitt. Vi er I verda også. Trond ga oss noko å vera stolt av, han lyfta fram dialekta, han synleggjorde dalen vi er så glade i.

Han var vår beste ambassadør.

Mang ein gong har eg, og så mange andre, spelt Baksia-låter til vener og bekjente frå andre stader i landet:

«Dette må du høyre på! Dette er meg!».

Slik har vi teke dølamålet ut i verda. Som da bror min var på guttetur i USA og køyrde gjennom Las Vegas sine gater, med neonlys, casino og show med store stjerner på kvart eit hjørne. I ein knallgul Ford Mustang cab, på full guffe spelte dei Baksia og Trond Halle. Dølane gjorde sitt inntog i verdsmetropolen.

Trond gjorde oss stolte over plassen vi kjem i frå. Han ga oss orda som vi kjenner oss att i, og som vil leve vidare i generasjonar. Ein ekte dølarockar.

– Vi er midt i verda, og verda er her. Vi er avhengige av resten av verda, og verda er avhengig av oss, sa han, da vi satt i bilen.

Så treng ein ikkje leite etter verdas midtpunkt, for det handlar om at uansett kor ein står, vil ein vera eit midtpunkt. Også i ein grøftekant langs vegen til Skåbu.

Trond formidla så mykje: Song og dans, stoltheit, engasjement og det som var ekte.

Det er dette som er arven etter Trond.

La oss alltid minne oss sjølve på at vi er bra nok som vi er. Og at vi er viktige i verda.


Ordføreren i sorg: - Trond var ei legende. Han gjorde oss stolte over dialekta vår og plassen vi kommer fra

Ordfører Ole Tvete Muriteigen uttrykker sorg og medfølelse til de nærmeste, etter å fått vite at Trond Halle har gått bort.



Kultur- og musikkvener i sorg: - Tomrommet Trond etterlet seg blir det svært vanskeleg å fylle

På ein tung værdag dag der skodda låg langt nedover fjellsidene, minnes kolleger ein bauta som kjem til å etterlate seg eit stort sakn.



Vegard minnes Trond Halle som musikalsk legende, og medmenneske: - Han var utrolig snill og raus

Da Vegard Moshagen flyttet til Vinstra i '98, skjønte han raskt at Baksia var en av lokalfolkets største stoltheter.



Syver om å miste kollegaen og sin beste venn: - Trond slapp meg inn og viste meg tillit

Trond Halle betydde mye for Syver Fossen - alt, sier han sjøl.



Randi Marie og Trond fant tonen både privat og på scenen: - Han var der for meg da faren min døde, og livet ellers sto på hodet

Randi Marie Steig møtte først Trond Halle som publikum. Overraskelsen var stor da han seinere ringte og ville ha henne med på plate med Baksia.