- Tid for ei nasjonal satsing på framtidsretta barnehage- og skulebygg

Norge har gode og treffsikre ordningar for bygging av sjukeheimar og omsorgsboligar gjennom Husbanken.  Til tross for store, dokumenterbare behov finst det ikkje slike ordningar for barnehage- og skulebygg.

Ole Tvete Muriteigen   Foto: Guro Vollen

Meninger

Nå er tida der for ei slik nasjonal satsing.

I ein pressa kommuneøkonomisk situasjon kan skule- og barnehagebygg bli nedprioritert.

Spesielt om valget står mellom det og omsorgsbygg med statlege tilskott på opp mot 50 %.
Skulestruktur endar ofte opp som tema i behandling av neste års driftsbudsjett - som aktuelt sparetiltak.

Framover ligg fleire utfordringar i tilpassing av skulestruktur.
Frå 2030 skal bygg vere fullt ut universelt utforma. Det betyr store investeringar i eldre bygg eller nybygg. Nye læreplanar vektlegg kompetanse i samhandling, utforsking, deltaking og skapande kompetanse, og fagfornyinga vil stille nye krav til bygg.
I tillegg kan koronavirussituasjonen stille nye krav til barnehage- og skulebygg – spesielt plass.

Ei ordning for skule- og barnehagebygg som vi allereie for omsorg, vil kunne hjelpe mange kommunar med å tilrettelegge for framtidsretta undervisningsarenaer for barn og unge som er på tur inn i livet.

Ei slik satsing vil bli viktig nasjonalt, og bidra til å gje landet framtidsretta bygg der ein i større grad kan vektlegge samhandling, utforsking, deltaking og skapande kompetanse.

I tillegg også gi betydeleg sysselsettingseffekt for bygge- og anleggsbransja.