Sju år har gått- kva skal Nord-Fron kommune prioritere?

- Skal Nord-Fron vri satsinga frå arrangement og detaljhandel til heller å ta ei aktiv rolle for å bidra til industri-etableringar, spør senterpartiets Olav Røssum.

  Foto: Tor Larsen/arkiv

Meninger


Det er nå gått sju år sidan sponplatefabrikken i Kvam vart stengd. Nedlegginga har vore svært uheldig for Kvam, for Nord-Fron kommune og for Gudbrandsdalen. Ei av dei få tradisjonelle industribedriftene i området, basert på foredling av fornybare naturressursar, vart avvikla. Ei lang verdikjede med store ringverknader for lokalsamfunnet vart borte.

Økonomisk og sosialt har det vore eit svært stort tap. Konsekvensane av nedlegginga er langvarige, og mange av dei langsiktige negative konsekvensane er enno ikkje kjente for oss. Men det er lett å sjå at Kvam som bygd har mista ein svært viktig hjørnestein som det er viktig å prøve å erstatte.

For kvar dag som har gått sidan fabrikken vart stengd, har fabrikk-anlegget vorte meir og meir prega av forfall. Dette er eitt av dei beste industriområda i Gudbrandsdalen med tanke på kvar det ligg geografisk, midt mellom sør og nord, aust og vest. Få andre område har så nær tilgang til jernbane og jernbaneterminal, og det har svært god tilgang til E6. All nødvendig infrastruktur er på plass. Infrastrukturen i området er opparbeidd med offentlege middel, og det offentlege må også bidra aktivt for å sikre at alt dette ikkje blir liggande unytta. Det må leggast til rette for at dette området i nær framtid igjen kan brukast til verdiskaping og sysselsetjing. Som ansvarlege for fellesskapet sine ressursar har kommunestyret i Nord-Fron eit ansvar for å bidra til det.

Ingen andre har desse sju åra tatt eit slik ansvar. Det er lite truleg at nokon vil ta eit slik ansvar dei neste sju åra heller. Kommunen må difor ta ei aktiv rolle, og gjera meir enn det som har vore gjort, for å bidra til ny aktivitet. Det da bli eit spørsmål om økonomiske prioriteringar mellom ulike formål. Det spørsmålet må vi reise, som ein viktig del av debatten om korleis vi skal legge til rette for ei berekraftig og framtidsretta utvikling av vårt næringsliv. Kommunestyret må drøfte grundig kva som nå er mest viktig å prioritere, for at kommunen skal kunne bidra til ny utvikling og auka busetjing på lang sikt, i bygdene våre. Kva bør vi, nå og i dei næraste åra, prioritere i Nord-Fron for å bidra til verdiskaping, sysselsetjing og fleire innbyggarar?

Arrangement og detaljhandel er godt etablerte i Nord-Fron, og er svært viktige næringar. Å legge til rette for desse har vore eit kommunalt satsingsområde lenge. Kommunen har gjennom mange år lagt eit godt grunnlag, som næringslivet nå kan nytte og utvikle seg vidare på. Eit spørsmål blir da om kommunen nå heller bør ta ei aktiv rolle for å bidra til industri-etableringar. Eit anna prioriterings-spørsmål er om Nord-Fron kommune skal bruke store ressursar på å flytte offentlege tilbod til området ved Vinstra-hallen. Dette vil redusere kommunen sitt økonomiske handlingsrom i mange år framover. Det vil gi mindre rom for andre prioriteringar, mellom anna tilrettelegging for produksjon og industri.

Neste år er det val. Fleire politiske parti har i sine program-utkast punkt om behov for ein ny nasjonal industripolitikk. Senterpartiet meiner at det må på plass statlege ordningar for risikoavlastning i investeringsfasa for nye industri-etableringar. Særleg ved investeringar innan bioøkonomi. Slike etableringar må gjerast av private, men det er ei offentleg oppgåve å legge til rette for at næringsareal er opparbeidde og klare til bruk. Nord-Fron Senterparti meiner at kommunen bør ta eit ansvar for at dei områda vi har i kommunen vår, som kan bidra til slike investeringar, er klargjorte. Kanskje har vi i 2021 ein ny nasjonal politikk for industriell utvikling i distrikts-Noreg. Da må vi vera førebudde.

Senterpartiet tek difor eit initiativ nå. Vi foreslår at Nord-Fron kommunestyre skal få lagt fram ei sak der dette kan drøftast. Vi ber om forslag til tiltak, som på sikt kan gi ny næringsaktivitet på området ved sponplatefabrikken i Kvam. Vi må drøfte kva vi bør gjera, korleis vi kan gjera det, og korleis vi skal prioritere for å få det til. Det vil bli ei svært viktig sak om eit konkret problem, som kommunestyret har eit stort ansvar for å prøve å løyse.