Debatt: - Kommunen er i ein økonomisk situasjon der ein må prioritere heilt andre formål enn by- og parkutvikling

Kommunestyret i Nord-Fron vedtok i førre møte å løyve 125 millionar til investeringar i Vinstra Park og flomsikring av Givra.

Fra kommunestyremøte der Senterpartiet kun fekk eigne stemmer på låneopptaket.  Foto: Tor Larsen (arkiv)

Meninger

Arbeiderpartiet, Høyre, og FrP støtta dette, mot Senterpartiet sine stemmer.

Senterpartiet støtta flomsikringa av Givra, men ikkje investeringane ved Vinstra-hallen.

Frå Arbeiderpartiet vart det sagt at vedtaket betyr at kommunen må låne «berre» 31 millionar meir enn planlagt. Det er eit misvisande bilde av vedtaket sine økonomiske konsekvensar.

Av løyvinga skal 75 millionar finansierast med lån. 44 millionar av desse har det vore planar om å bruke til andre formål. Men kommunen har ikkje desse 44 millionane. Som dei 31 «nye» millionane må også dei 44 «gamle» lånast .

Dei 44 millionane var disponerte til kommunale bygg ved Vinstra-hallen. Nå er dei vedtatt om-disponerte til eit anna formål: å førebu Vinstra Park. Da er det svært truleg at det om stutt tid også vil bli fatta vedtak om bygging ved Vinstra-hallen. Med tilsvarande behov for finansiering.

Dei langsiktige konsekvensane av vedtaket er difor at Nord-Fron kommune si samla gjeld vil auke med minst 75 millionar i forhold til den gjelda kommunen har i dag. Truleg mykje meir.

Nord-Fron har ein svært pressa økonomi og Senterpartiet kan difor ikkje støtte slike prioriteringar. Arbeidet med kommande budsjett og økonomiplan vil vise at kommunen nå er i ein økonomisk situasjon der ein må prioritere heilt andre formål enn by- og parkutvikling.