Sal av kommunale bustader: - Det bur framleis folk der. To syriske familiar trivst godt i Sødorp

Nord-Fron kommune sel kommunale utleigebustader.

Klukkargarden i Sødorp på Vinstra.   Foto: Jonas Oden Ulset

Meninger

Ein av bustadene som skal seljast er det gamle skulehuset i Sødorp. Den fyrste faste skulen i Nord-Fron kom i gang i 1840-åra, og i 1853 fekk skulen hus på Milsteingutu og Molykkja. Dette vart seinare klokkarbustad. (Klokkargarden )

Så vart det reist ein toetasjes bygning nokre meter lenger opp. Denne fungerte som folkeskule heilt til framhaldsskulen vart bygd. Det var ikkje før i slutten av 50-åra.

Kvifor bry seg om dette? Det er fordi vi snakkar om viktig kulturhistorie. Sødorp var eit sentrum i bygda. Opprinneleg var det kyrkje her, og det var skule. Ved sidan av skulen låg Brustugu som var lensmannsgard 1870 - 1908.

Seinare, da skulen vart nedlagt, vart huset gjort om til to utleigebustader. Det vart også bygd på to garasjer. Mange har budd der og mange har prøvd å få kjøpe huset. Svaret var alltid nei. Kommunen trong utleigebustader.

Det bur framleis folk der. To syriske familiar trivst godt i Sødorp. Ungane har alt lært dialekta.

I 1985 fekk huset eit strøk måling og nye glas. Bygningen framstår i dag som svært slitt utvendig. Dette må vera ein medviten politikk. Lokal historie? Kulturhistorie? Pytt, Pytt !

Underskrivne skal ikkje blande seg i kva kommunen vil gjera. Saka verkar avgjort.

Kommunalsjef Nøvik uttaler at " samspillet mellom det offentlige og det private er noe av det kommunen ønsker å fokusere på framover ".

Det vitnar ikkje om sosial bustadpolitikk.

Vi veit ikkje slutten på denne historia. Men det må vera lov å ha eit ønskje også for oss som bur utanfor sentrum. Eit eventuelt nytt hus bør i størst mogleg grad likne på det gamle. Ei kvit "kasse" ville vera direkte trist.

Eller for å låne orda til Snøfrid Skaare: "Det gjer i grunnen ingen ting om ein ser at det har budd folk her før 1960."