Vi blir eldre og færre. Kven skal bu og jobbe i bygdene våre i framtida?

Plassen vi bur på kan sjå ganske annleis ut om nokre år.

Redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden.  Foto: Privat

Meninger

Kven skal bu i bygdene våre i framtida?

Det tenkjer eg ofte på, og for tida ennå meir enn før. I tida framover kan du i Dølen nemleg lese om utviklingstrekk i kommunane våre. Kor flyttar innbyggjarane våre? Kvar hamnar ungdommane våre når dei skal studere, og kjem dei attende?

Landslaget for lokalaviser, NRK og Senter for undersøkande journalistikk står saman bak prosjektet «Den store folkevandringa». Det er gjort eit stort arbeid for å finne ut av busettingsmønsteret i norske kommunar. Vi i Dølen har gjennom samarbeidet fått tilgang til talemateriale som vi elles vanskeleg hadde hatt tid til eller sjanse til å finne åleine.

Av forarbeidet og talmateriale som er henta inn, gjer vi i Dølen til relevant og aktuell journalistikk for våre lesarar.

Ser vi einsidig på talmaterialet kan det sjå relativt dystert ut for oss i Ringebu, Sør- og Nord-Fron. Folketalet går nedover i stor fart. Her i Midtdalen så spår Statistisk Sentralbyrå at Nord-Fron vil vi miste over 500 personar dei neste 30 åra. Folketalet går også ned i dei to andre kommunane; Ringebu mister 237 personar, medan Sør-Fron går ned med 57.

Vi blir eldre, mykje eldre.

I Nord-Fron i 2050 vil 29,2 prosent av befolkninga vera over 70 år. I Sør-Fron og Ringebu vil om lag 27 prosent vere over 70. Talet på dei over 80 aukar også.

Ei av dei store utfordringane blir korleis ein skal klare å ta vare på alle i desse aldersgruppene.

Fleire vil trenge hjelp, anten i heimen, eller som plass på sjukeheim. Blir det nok hender til å utføre nødvendige helsetenester?

Tala viser og at utan innvandring hadde statstikken sett ennå dystrare ut når det gjeld folketalsutviklinga. Innvandring, anten det er flyktningar, eller det er arbeidsinnvandring, reddar folketalet.

Byggfirma seier til Dølen at dei ikkje ville greidd seg utan utanlandsk arbeidskraft.

Det å ta i mot flyktningar blir ofte sett på som meir ei utgift enn ei kjelde til inntekt. Kanskje bør både kommunal- og privat sektor vere flinkare til å sjå dei som kjem hit som ein ressurs vi gjerne vil halde i kommunen, fordi dei kan bidra aktivt i arbeidslivet og halde oppe elevtalet i skulane?

Eit av dei store spørsmåla er om det er mogleg å snu flyttestraumane, eller om vi berre må leva med at vi blir færre, og gjere det beste ut av situasjonen.

Kommunane har fokus på tilflyttingstiltak, og strekkjer seg langt for å få folk til å leve, bygge og bu i Midtdalen. Men kva er det eigentleg som verkar?

Heilt sikkert er det at det er tema som må drøftast grundig i åra framover. Saman må både unge og vaksne vere med å tenkje framover.

Korleis skal vi ha det her i dalen, og korleis kan vil legge til rette for både dei som skal leva og bu her i dag, og dei som kjem til i framtida?

Tala er harde fakta, likevel kan vi ikkje svartmåle situasjonen. For oss er det like viktig å framheve det som er godt med å bu her, og fortelje dei historiene som viser at nokre går motsett veg. Det som bidreg til konstruktive og framtidsretta løysingar skal og lyftast fram.

Engasjer deg, og send oss gjerne dine meiningar om korleis vi kan skape eit levande midtdalssamfunn også inn i framtida.

Her kan du lese sakene vi har publisert så lang i prosjektet Den store folkevandringa:


Familien Gunduz og 2448 andre frå utlandet hindrar avfolking av Midtdalen: - Har vi jobb, så ønskjer vi å bli

Så mange folk som i ei heil bygd kunne vore borte, om det ikkje hadde vore for innvandrarar som vel å busette seg her.



Se oversikt over hvor midtdølene flytter: Vannlekkasje, kjærligheten og byliv avgjorde Ingvild, Linn og Ida sine valg

Ferske tall Dølen har henta fram viser at de fleste som flytter fra Midtdalen søker seg sørover. Fronskommunene bytter innbyggere, mens i Ringebu vil de lenger sør.