Ordfører Muriteigen: - E6 i vers etter vers

34 km ny E6 mellom Frya og Sjoa opna 17. desember 2016 etter historisk stor byggeaktivitet i 3,5 år.

Nye E6 rett før Hundorptunellen.  Foto: Tor Larsen

Meninger

Opninga var storslått. 7-800 gikk i tog og markerte ny tid med trafikksikker E6.

Dagen for 5 år sidan skulle også markere fortsettinga med ferdigstilling av ny, trafikksikker og effektiv E6 heilt til Otta.

Mellom anna derfor aksepterte vi bom i Hestskobakken. Bompengesats på nyvegen som var høg, men som skulle fordelast på 55 km når nyvegen var ferdig. Slik vart det ikkje, sjølv om alt låg til rette for det.


Dei 34 kilometrane som er bygd er utruleg viktige, for etter det som var kalla «dødsvegen» skjer det så og seie ikkje ulykker lenger. Mange mista kunder og omsetting. Lokalsamfunn endra seg, men trafikksituasjonen gjennom tettstadene var ikkje til å leve med.

Gudbrandsdøler er oppdratt til gjere ting skikkeleg og ferdig. Vi slit derfor med å forstå at vi nå, i så mange år må betale så mykje både på nyvegen og i Hestskobakken. Trafikkauken som gjer Baksidevegen utrygg. At Fylkeskommunen, som har garantert for utbygginga, og er spent i beit, snart kjem til å vurdere å auke bomsatsane. Det var neppe slik det var tenkt?

Nye Veier AS har ansvaret for E6 nå. Planarbeidet er starta opp, og vi deltek. Eg er redd regjeringa har sett bort ei oppgave som vil vise seg umogleg.


Nye Veier skal prioritere utbygging ut frå samfunnsnytte. I utgangspunktet rett, men kva skal vektast tyngst? Dau laks som har det travelt gjennom dalen, eller vi som bor og arbeider her, og som treng kryss, bruer, undergangar, m.m. for at lokalsamfunna skal fungere godt?

Samfunnsnytta for storsamfunnet aukar for kvart eit kryss og bru ein kan ta ut, men prisen for levande og velfungerande lokalsamfunn kan bli dyr.

Som eksempel treng vi god adkomst til fleire hundre mål dyrka mark på Frya i tråd med reguleringsplanen. Vi treng god og alternativ adkomst til næringsareal. Vi vil kjøre ny E6 når vi skal ein snøggtur på handel til Ringebu, slik vi gjer når vi skal ein snøggtur til Vinstra.

Bjørnstjerne Bjørnson skildra Gudbrandsdalen som ein fedrelandssang med for mange vers. E6 gjennom dalen som er så vakker og lang kan vanskeleg samanliknast med vegprosjekt i tett befolka områder der regjeringa bygger veg. Fara for å tape i prioriteringskampen er for meg openbar.


Planarbeidet starta for 52 år sidan - det året eg vart født. Sjølv har eg vore involvert i E6-arbeid i godt over 20 år. Så gjerne statleg plan for min del.

E6 kjem, men det er freistande å tenke slik:

Kanske vil der gå både Vinter og Vår,

og næste Sommer med, og det hele År; —

men engang vil du komme, det véd jeg visst;

og jeg skal nok vente, for det lovte jeg sidst.

Ny regjering må få E6 inn att i Nasjonal Transportplan, prioritere nok statlege pengar, og ferdigstille halvgjort arbeid.