- Dieselmotoren frå 1966 er sløkt for denne gong, men minnane kjem til å hengje i lenge.

Vabisen, #Gullegget & Gudbrandsdalsmusea i vesterled!

Vabisen og Gullegget langs gamle Strynefjellsvegen.  Foto: Privat

Meninger

Sist veke la eg i veg i vesterled bak rattet på ein original 66-modell Scania Vabis med campingvogna #gullegget på planet, på oppdrag og oppdagingsferd for Gudbrandsdalsmusea. Heilt til Sandane, Sogn, Voss og Hardanger, og like heimatt bar det, 1200 eventyrlege kilometer over fagre fjelloverganger og langsmed smellvakre fjordar. Dette er min takk.

Takk til alle vi møtte. Alle som raust tok i mot og delte tankar og erfaringer om daglegliv, fortid og framtid. Det er det Gudbrandsdalsmusea freista å formidle litt av gjennom daglege reisebrev.

Takk til alle som brydde seg. For gode ord, tomlar opp og hyggelege helsingar. Dersom vi har klart å syne fram nokre fine opplevingar i vesterled så er vi glade! Det er viktig at det går bra med naboen au, serru, og for å snu litt på det gamle ordtaket: «Det er vel og bra med eigen suksess, men andres LYKKE er heller ikkje å forakte!

Takk til journalistar og formidlarar langs ruta, som tok i mot oss og fortalde vidare om reisa.

Takk til Olav Blekastad frå Skåbu som eig Vabisen! Hadde ikkje du bydd på mat og dram i fiskebua di i Vinstervatna fredagen før vi reiste, hadde aldri dette vorte noko av. Det var da vi kom på at Vabisen kunne bli med til Voss, og frå før veit vi: Ein må smi mens tanken er varm - før ein kjem på alt som kan bli vondt og vanskeleg.

Og takk til alle som steller heime.

Arkivfoto: Direktør i Gudbrandsdalsmusea Øystein Rudi.  Foto: Tor Larsen

Finst det meining i å stroppe ei gullfarga campingvogn frå 1967 til planet på ein enda eldre Vabis og køyre meir enn 1200 kilometer gjennom djupe dalar og over høge fjell?

Gudbrandsdalsmusea skal reflektere kulturarv og levd liv i dalen. Vi rekk ikkje alt. Det gamle bondesamfunnet er godt dokumentert, og ein stor del av meir enn 110 000 gjenstandar samla i arkiva våre og på Maihaugen, høyrer den gamle tida til. Lastebil og transport er fundamentalt for velferd og framgang i heile Gudbrandsdalen, og fortener rampeljos. Helge Skjåk har gjennom samling og restaurering av bilar frå Ottadalen Kommunale Billag gjort eit storarbeid for å dokumentere transporthistoria i dalen. All ære og applaus!

For å spegle livet lyt vi lyfte fram det særeigne. Til dømes: Betong er viktig i Fron, naturstein er stort i Sel, fjellturisme i Lom, og tradisjonshandverk på Hjerleid og i Dovre. Til dømes….

Gudbrandsdalsmusea gler seg over å ta vare på historia kvar einaste dag – og over å setja ljos på kulturarven.

Kva vi skulle i Voss? Signere ei samarbeidsavtale mellom Gudbrandsdalsmusea og Ole Bull Akademiet som vil styrke oss både fagleg og marknadsmessig. Men det skal du få høyre meir om eit seinare høve.

Takk for turen - for denne gongen!

Øystein Rudi, direktør i Gudbrandsdalsmusea


Martine gjorde livshistoria si om til teaterstykke - i helga ble det fullsatt sal og prisras for vinstrajenta i Oslo: - Over all forventning!

Martine Hattestad Kveli (25) fikk sette opp forestillinga "En pappeske med historier" under Oslo Fringe festival forrige uke - og gikk ikke tomhendt hjem.



Ellen Horn om neste års forestilling: - Kommer til å levere en Peer ingen har sett maken til

Kunstnerisk leder for neste års Peer Gynt på Gålå legger ikke skjul på at hun gleder seg til neste års forestilling, med Aksel Hennie i hovedrolla.



Sjå alle vi møtte på festen: Henda i vêret - for ein slagkraftig 1000-årsfest!

Laurdag var det ungdommen og framtida som var i søkelyset for 1000-årfesten. Og for ein dag det vart på Dale-Gudbrands Gard.



Klokke fra Frankrikes eldste klokkestøperi skal opp på Dale-Gudbrands gard - se bilder fra produksjonen

Gamle tradisjoner skal gjenopptas, og slitne pilegrimer skal ønskes velkommen til gards med klokketårn.